5. Mosebok 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ein mann som hev skilt seg frå kona si, må ikkje gifta seg med henne att, dersom ho i millomtidi hev vore gift med ein annan, 1-4; ein nygift mann skal sleppa krigstenesta og andre tyngslor fyrste året, 5; ingen må taka ei handkvern i vissa, 6; den som ranar burt folk, skal missa livet, 7; israeliten skal halde spillsykjelovi, 8.9; han må ikkje vera hard med den han tek vissa av, 10-13; og ikkje halda att løni som ein leigekar skal hava, 14.15; ingen må straffast for ei synd som ein annan hev gjort, 16; dei skal gjera rett og vera gode mot enkjor og farlause og framande, 17-22.

1Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne lenger, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand og sender henne or huset.Matt 5,31; 19,7

2Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå han, gjeng stad og gifter seg med ein annan,

3og denne andre fær uhug til henne og gjev henne skilsmålsbrev og sender henne frå seg, eller den andre mannen hennar døyr,

4so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er ein styggedom i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga.Jer 3,1

5Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på han heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge.5 Mos 20,7

6Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa, for då tek han livet i vissa.

7Kjem du yver ein mann som ranar burt nokon millom Israels-borni, og fer med han som med ein træl eller sel han, so skal den ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.2 Mos 21,16; 1 Tim 1,10

8Tak deg i vare for spillsykja, so du aktar vel på alt det som Levi-prestane lærer dykk, og held deg etter det! Soleis som eg hev sagt dei fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.3 Mos 13,1-44; 14,1-32

9Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptarland!4 Mos 12,10

10Når du låner næsten din noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa.

11Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa.

12Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti;

13du skal lata han få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han velsigna deg, og Herren din Gud vil rekna deg det til rettferd.2 Mos 22,26; 5 Mos 6,25

14Du skal ikkje gjera urett mot ein leigekar som lid naud og er fatig, anten han er ein av brørne dine eller ein av dei framande som held til i nokon av byane i landet ditt.3 Mos 19,13; Mal 3,5; Jak 5,4

15Du skal gjeva han løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg.

16Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sitt eige brot.2 Kong 14,6; Jer 31,30; Esek 18,18-20

17Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa.2 Mos 22,21-22; 23,9; 5 Mos 27,19; Jes 1,17; Jer 5,28; Esek 22,29; Job 24,3

18Kom i hug at du var træl i Egyptarland, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå! Difor er det eg segjer du skal fara so.5 Mos 15,15; 16,12

19Når du køyrer inn lodi og gløymer eit kornband på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjone hava det; då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg fyre.3 Mos 19,9-10; 23,22

20Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinene; den lyt dei framande og dei farlause og enkjone få.

21Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje sanka dei druvone som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjone.

22Kom i hug at du var træl i Egyptarlandet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help