1Og Herren sa til Moses: Tala til prestane, Arons-sønene, og seg til dei: Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennene sine med å røra noko lik,Esek 44,25
2minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror
3eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær um ho ligg lik.
4Han må ikkje gjera seg urein i sitt ektestand, so han vanhelgar seg millom landsfolket sitt.
5Prestane må ikkje raka seg snaude nokon stad på hovudet og ikkje stytta skjegget sitt og ikkje skjera seg i holdet.3 Mos 19,27-31; Esek 44,20
6Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; difor skal dei vera heilage.
7Ingen av dei må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei kvinna som mannen hev skilt seg frå; for heilag er presten for sin Gud.Esek 44,22
8Og du skal halda han heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud; heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.3 Mos 19,2
9Og dersom ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, so vanhelgar ho far sin; ho skal brennast på bål.
10Den presten som er yver alle brørne sine, han som hev fenge salvingsoljen på hovudet sitt og er vigd til øvsteprest og hev klædt seg i den heilage bunaden, han må ikkje raka seg på hovudet og ikkje riva sund klædi sine.2 Mos 28,41; 3 Mos 8,12; 10,6
11Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær etter dei hev andast; for då vert han urein.
12Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver han; eg er Herren.3 Mos 10,7
13Han skal taka ei rein møy til kona.
14Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han taka til kona.3 Mos 21,7
15Han må ikkje vanhelga ætti si millom folket; for eg er Herren, som helgar han!
16Og Herren tala til Moses og sa:
17Tala til Aron og seg: Er det nokon av ætti di, no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.1 Tim 3,2; Tit 1,6-7
18Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller hev noko lyte i andletet eller ein lem som er for stor
19eller ein broten fot eller arm,
20eller som er krylryggja eller dverg, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen eller hev skabb eller noko anna utbrot eller er klakka.
21Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på han, han må ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
22Han må nok eta av rettene åt sin Gud, både dei høgheilage og dei heilage;
23men etter di det er lyte på han, må han ikkje ganga fram til forhenget og ikkje koma innåt altaret; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine; for eg er Herren, som helgar dei.
24Og Moses sa dette til Aron og sønene hans og til alle Israels-borni.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.