1Einstødingen fylgjer berre sin eigen hug; mot alle kloke råder glefser han.
2Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i han.
3Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott.
4Ordi i ein manns munn er djupe vatn, visdoms kjelda er ein bekk som vell fram.Ordt 20,5
5Det er ille når ein held med saka mann og rengjer retten for den som er saklaus.Ordt 28,21; 5 Mos 1,17; 16,19
6Dårelippor valdar tretta, og munnen hans ropar etter hogg.
7Dåremunn er til ulukka for han sjølv, og lippone er ei snara for hans liv.2 Sam 1,16; 1 Kong 2,23
8Baktalar-ord er som lostemat, og dei sig ned i inste hjarta.Ordt 26,22; Sal 55,22; Jer 9,8
9Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren.Ordt 20,4
10Herrens namn er eit tårn so sterkt; dit spring den rettferdige og vert berga.Ordt 14,26; Sal 61,4
11Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar.Ordt 10,15
12Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt.Ordt 16,18; 15,33
13Når nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til dårskap og til skam for han.
14Modet held mannen uppe i hans sjukdom; men brote mod - kven kann vel bera det?
15Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap.
16Gåva opnar mannen veg og fører han fram for storfolk.
17Den som fyrst legg fram si sak, fær rett; men so kjem motparten og granskar ordi hans.
18Lutkasting gjer ende på trettor og skil millom mektige menner.
19Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ei festning, og tretta med han er som bom for ei borg.
20Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin; av grøda frå lippone vert han mett.Ordt 12,14; 13,2
21Tunga hev daude og liv i sitt vald, og alle som gjerne brukar henne, skal eta hennar frukt.Ordt 13,3
22Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og fenge ei nådegåva av Herren.Ordt 19,14; 31,10-31
23Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord.
24Ein mann med mange vener gjeng det ille; men det finst vener som er trugnare enn nokon bror.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.