1Då Jetro, presten i Midian, verfar åt Moses, fekk spurt alt det som Gud hadde gjort mot Moses og mot Israel, folket sitt, korleis Herren hadde ført Israel ut or Egyptarland,
2so tok han med seg Sippora, kona åt Moses, som Moses hadde sendt heim,
5og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønene og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Gudsfjellet.
12Og Jetro, verfar åt Moses, tok og bar fram brennoffer og slaktoffer for Gud. Og Aron og alle dei øvste i Israel kom og heldt måltid for Guds åsyn saman med verfar åt Moses.
13Dagen etter sat Moses og skifte rett millom folket, og folket stod ikring han frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
14Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, so sa han: Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine medan heile ålmugen stend uppyver deg frå morgon til kveld?
15Moses svara: Folket kjem til meg og vil få vita Guds vilje.
16Når dei hev ei sak med kvarandre, kjem dei til meg, og so dømer eg mann og mann imillom og lærer dei Guds bod og lover.
17Då sa verfar åt Moses til han: Det er ikkje klokt det du der gjer.
18De trøyter dykk ut, både du og dette folket som er med deg. For dette er for stridt for deg; du vinn ikkje gjera det åleine.
19Men høyr no på meg! Eg vil gjeva deg ei råd, og so skal Gud vera med deg. Ver du målsmann for folket hjå Gud, og gakk du til Gud med sakene deira,
20og minn dei um bodi og lovene, og syn dei kva veg dei skal ganga og korleis dei skal fara åt.
21Vel deg so ut dugande menner av ålmugen, menner som hev age for Gud, truverdige folk, som hatar låk vinning, og set dei til domsmenner, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti!
22Dei skal skifta rett millom folket til kvar tid; alle store saker skal dei koma til deg med, men alle små saker skal dei døma i sjølve. Då lettar du byrdi for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.
23Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.
24Moses lydde verfar sin og gjorde alt det han sa.
25Han kåra ut dugande menner av heile Israel og sette dei til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti.
26Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.
27So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.