1No skal eg nemna dei mennene frå Judalandet som for heim etter dei hadde sete fangar i utlægdi - dei som Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde flutt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by;
2dei kom dit saman med Serubabel, Josva, Nehemias, Seraja, Re'elaja, Mordekai, Bilsan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba'ana. - Her kjem manntalet yver Israels-lyden:
3Paros-sønene, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
4Sefatja-sønene, tri hundrad og tvo og sytti;
5Arahs-sønene, sju hundrad og fem og sytti;
6Pahat-Moabs-sønene av etterkomarane etter Josva og Joab, tvo tusund åtte hundrad og tolv;
7Elams-sønene, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
8Sattu-sønene, ni hundrad og fem og fyrti;
9Sakkai-sønene, sju hundrad og seksti;
10Bani-sønene, seks hundrad og tvo og fyrti;
11Bebai-sønene, seks hundrad og tri og tjuge;
12Asgads-sønene, eit tusund tvo hundrad og tvo og tjuge;
13Adonikams-sønene, seks hundrad og seks og seksti;
14Bigvai-sønene, tvo tusund og seks og femti;
15Adins-sønene, fire hundrad og fire og femti;
16Aters-sønene av Esekias-ætti, åtte og nitti;
17Besai-sønene, tri hundrad og tri og tjuge;
18Jora-sønene, hundrad og tolv;
19Hasums-sønene, tvo hundrad og tri og tjuge;
20Gibbars-sønene, fem og nitti;
21Betlehems-sønene, hundrad og tri og tjuge; /
22Netofa-mennene, seks og femti;
23Anatot-mennene, hundrad og åtte og tjuge;
32Harims-sønene, tri hundrad og tjuge;
33mennene frå Lod, Hadid og Ono, sju hundrad og fem og tjuge;
34Jeriko-sønene, tri hundrad og fem og fyrti;
35Sena'a-sønene, tri tusund seks hundrad og tretti.
36Av prestane: Jedaja-sønene av Josva-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
37Immers-sønene, eit tusund og tvo og femti;
38Pashurs-sønene, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
39Harims-sønene, tusund og syttan.
40Av levitane: Josva- og Kadmiels-sønene av etterkomarane etter Hodavja, fire og sytti.
41Av songarane: Asafs-sønene, hundrad og åtte og tjuge.
42Av dørvaktar-ættene: Sallums-sønene, Aters-sønene, Talmons-sønene, Akkubs-sønene, Hatita-sønene, Sobai-sønene, i alt hundrad og ni og tretti.
43Av tempelsveinane: Siha-sønene, Hasufa-sønene, Tabbaots-sønene,
64Heile lyden til var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
65umfram tenarane og tenestgjentone; DEI var sju tusund tri hundrad og sju og tretti i talet. Det var og tvo hundrad songarar og songmøyar med dei.
66Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
67fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
68Då dei kom til Herrens hus i Jerusalem, var det sume ættehovdingar som av fri vilje bar fram gåver til Guds hus, so det kunde verta reist att på den gamle staden sin.
69Alt etter som dei hadde råd til, gav dei til arbeidskassa; soleis kom det inn ein og seksti tusund gulldarikar og fem tusund sylvminor, dessutan hundrad prestekjolar.
70Prestane og levitane busette seg i byane sine, og det same gjorde nokre av lyden og songarane og dørvaktarane og tempelsveinane, og heile Israel elles budde i byane sine.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.