3. Mosebok 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev lover um matoffer av mjøl, av slikt som er baka i omn eller steikt på takka eller i panna, 1-10. Eit matoffer må aldri vera syrt, men alle offer skal saltast, 11-13. Herren gjev lov um matoffer av nygrøda, 14-16.

1Når nokon vil bera fram eit matoffer for Herren, so skal offergåva hans vera fint mjøl; det skal han hella olje yver og leggja røykjelse attmed,3 Mos 6,7

2og so skal han koma til Arons-sønene, til prestane, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen, og so all røykjelsen og brenna det på altaret til minningsoffer; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.

3Det som er att av matofferet, skal Aron og sønene hans hava; det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens eldoffer.3 Mos 6,9-16

4Når du vil bera fram eit matoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.

5Vil du gjeva eit matoffer som er steikt på takka, so skal det og vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyrt.

6Du skal brjota det i bitar og hella olje yver det; det er eit matoffer.

7Vil du gjeva eit matoffer som er steikt i panna, so skal det med vera tillaga av fint mjøl og olje.

8Når matofferet er tillaga på ein av dei måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.

9So skal presten taka av det som skal vera til minningsoffer, og brenna det på altaret; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.

10Og det som då er att av matofferet, skal Aron og sønene hans hava. Det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens eldoffer.

11Eit matoffer som de vil bera fram for Herren, må aldri vera syrt; for det som det er surdeig eller honning, må de ikkje brenna til eldoffer for Herren.3 Mos 6,10

12Til nygrødeoffer kann de bera fram sovore; men på altaret må det ikkje koma, til godange for Herren.

13Alle matoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i matofferet ditt. Saltet høyrer til pakti med din Gud; difor skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.Esek 43,24; Mark 9,49

14Vil du gjeva Herren eit matoffer av nygrøda, so skal du ofra aks som er steikte yver elden, nyhausta korn som er grøypt.3 Mos 23,10-14; 5 Mos 26,1-2

15Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; det er eit matoffer.

16Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen til minningsoffer; det er eit eldoffer for Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help