Jeremia 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren minner gjenom profeten sitt folk um dei store velgjerningane han viste det i ungdomen, og klagar for di det er so utakksamt; det hev vendt seg frå han, den levande Gud, medan jamvel heidningane held fast på sine daude og maktlause gudar, 1-13. Difor hev han og gjeve det i hendene på framande folk, som var det ikkje hans barn, men ein træl, 14-19. Folket freistar fåfengt å fria seg; det er for mykje som vitnar mot det: alt det vonde det hev gjort, avgudsdyrkingi det hev fare med, og det skuldlause blodet det hev rent ut med di det hev drepe profetane sine og andre gudlege folk. For denne falske sjølvrettferdiggjeringi vil Herren framleides straffa det, 20-37.

1Og Herrens ord kom til meg; det lydde so:

2Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der ingen sår.

3Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda; alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom yver dei, segjer Herren.

4Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus!

5So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei gjekk burt ifrå meg og fylgde fåfengelege gudar og vart fåfengelege sjølve?

9Difor vil eg framleides tretta med dykk, segjer Herren; ja, med barneborni dykkar vil eg tretta.

12Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren.

19Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg; kjenn då og sjå at der er vondt og beiskt at du vender deg frå Herren din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.

20For alt longe sidan braut du sund ditt åk, sleit sund dine band og sa: Eg vil ikkje tena. Men på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre la du deg ned og dreiv hor.

24Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå; brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne.

35Endå segjer du: Eg er skuldlaus, vreiden hans hev visseleg vendt seg frå meg. Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di du segjer: Eg hev ikkje synda.

36Kvi fer du so mykje ikring og skifter leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, like eins som du vart til skammar med Assyria.

37Derifrå med skal du ganga ut med hendene på hovudet; for Herren hev støytt burt dei du lit på, og du fær ingi lukka med dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help