Salmane 125 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren vitnar at Guds folk aldri skal ganga til grunns når det lit på Herren, men at det allstødt skal få hjelp frå han, sin sterke Gud; herreveldet åt storriket kann ikkje vara alltid, elles vart dei gudlege freista til fråfall, 1-3. Han bed at Herren vil velsigna dei gudlege, og varslar straff frå Gud yver dei ugudlege i folket, 4.5.

1Ein song til høgtidsferdene. / Dei som lit på Herren, er som Sionfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.Sal 46,6; Ordt 10,25

2Kringum Jerusalem er fjell, og Herren hegnar sitt folk frå no og i all æva.Sal 34,8

3For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, so ikkje dei rettferdige skal retta ut sine hender til urett.

4Gjer godt, Herre, mot dei gode, mot dei som hev eit ærleg hjarta!

5Men dei som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara i lag med dei som gjer urett. Fred vere yver Israel!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help