Job 38 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Som Elihu hev enda talen sin, openberrar Herren sjølv seg for Job i eit uver. Han legg fram for han ei rad med spursmål um skapningen, av di han vil gjera han mjuk og få han til å sanna kor lite han veit, og kor uvitugt det difor er av han å vilja meistra Gud. Fyrst spør han korleis den livlause naturi er skapt og skipa, korleis jordi hev vorte til, korleis det er med grensone åt havet, med morgonljoset som breider seg yver jordi, havsens kjeldor og helheims portar, bustadene åt ljoset og myrkret, forrådskammeri åt snøen og haglet, vegane åt ljoset og vinden, regnet og toredunen, upphavet til regnet og doggi og isen og rimet, stjernone, himmel-lovene, skyene, ljoni, 1-38.

1Og Herren svara Job or stormen og sa:

2Kven er vel han som gjer mi rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?

3Vel, spenn no beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.

16Kom du vel fram til havsens kjeldor, og gjekk du kring på djupsens botn?

17Hev daudsens portar synt seg for deg, ja, såg du daudeskuggens portar?

18Såg du utyver viddene på jordi? Kjenner du alt i hop, so lat oss høyra!

19Kvar er vel vegen dit som ljoset bur? Og myrkret - kvar hev det sin heim,

20so du kann henta det til riket der det råder og kjenna stigane til huset det held til i?

21Du veit det vel; du vart då fødd den gongen, og dagetalet ditt er stort.

22Tru du hev vore der som snøen kjem frå, hev set dei forrådshus der haglet ligg,

23som eg hev spart til trengsletidi, den dag som kjem med kamp og krig?

33Kjenner du himmel-lovene? Og skipar du hans velde yver jordi?Job 9,9

34Kann røysti di nå upp til skyi, so vatnet fløymer yver deg?

35Kann du vel senda ljoni, so dei fer av stad, og svarar dei deg: Ja, her er me?

36Kven hev lagt visdom i dei myrke skyer, kven hev lagt vit i luftsynet?

37Kven tel vel skyene med visdom, og himmel-hitane - kven tømer dei,

38når mold renn saman til ein deig, jordklumpar kleimer seg i hop?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help