1I det ellevte året, den fyrste dagen i tridje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, seg til Farao, kongen i Egyptarland, og hans ståkande hop: Kven likjest du på i di storvyrda?
3Sjå, Assur var ei seder på Libanon med fagre greiner, ein skuggerik skog og høg på vokster, og kruna hans nådde upp millom skyene.
4Vatnet gjorde han stor, vassdjupet gjorde han høg; med åene sine gjekk det kringum staden der han var planta, og sende vassveitene sine burtåt alle trei på marki.
5Difor vart han høgre på vokster enn alle trei på marki, og han fekk mange greiner og lange kvister, av di det var so rikleg med vatn der han breidde seg;
6på kvistane hans laga dei seg reir alle fuglar i lufti, under greinene hans fødde alle dyr på marki sine ungar, og i skuggen hans budde alle dei mange folkeslagi.
18Kven likjest du soleis på i herlegdom og storvyrda millom Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja, i lag med dei som er drepne med sverd. Soleis skal det ganga med Farao og heile hans ståkande hop, segjer Herren, Israels Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.