2. Kongebok 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kongen i Babel hertek Jerusalem; han let drepa sønene åt Sedekias, Judakongen, og sting ut augo på han sjølv, 1-7. Kaldearane brenner upp Herrens hus, riv ned murane kring Jerusalem, fører burt folket so nær som nokre av dei ringaste i landet, og tek med seg alle eignelutene i templet; kongen let drepa øvstepresten og nokre av prestane og av dei gjævaste mennene i landet, 8-21. Han set Gedalja til å styra det folket vert att, men Ismael drep Gedalja; dei andre rømer til Egyptarland, 22-26. Evilmerodak, kongen i Babel, gjev Jojakin, Judakongen, fri og let han eta ved sitt bord, 27-30.

1So hende det i niande året av kongedømet åt Sedekias, tiande dagen i tiande månaden, at Nebukadnesar, kongen i Babel, kom til Jerusalem med heile heren sin. Han lægra seg mot byen, og dei bygde skansar rundt ikring bymuren.2 Krøn 36,17-21; Jer 39,1-10; 52,4-11

2Dei heldt byen kringsett til ellevte året av kongedømet åt Sedekias;

3i det året, den niande dagen i månaden, då svolten hadde vorte hard i byen, og landslyden ikkje hadde meir mat,Jer 52,5-6

4vart det brote hol i bymuren. Då rømde alt stridsfolket um natti gjenom porten millom båe murane innmed kongshagen, medan kaldearane låg rundt ikring byen. Han tok vegen til moane;

5men kaldearheren sette etter han og nådde han att på Jerikomoane; då hadde heile heren hans rømt ifrå han og spreidt seg.

6Kaldearane tok kongen og førde han upp til Ribla, der Babel-kongen var, og sa domen yver han.2 Krøn 36,13; Esek 17,15-20

7Dei drap sønene åt Sedekias for augo hans, og han sjølv blinda dei; so batt dei han med tvo koparlekkjor og førde han til Babel.Esek 12,13

8Sjuande dagen i femte månaden - det var nittande året av Nebukadnesars kongedøme i Babel - kom ein av mennene åt Babel-kongen - Nebusaradan heitte han og var hovding for livvakti - til Jerusalem.

9Han brende upp Herrens hus og kongsgarden; og alle husi i Jerusalem - alle dei som høyrde stormennene til - sette han eld på.Esra 5,12

10Og heile kaldearheren som livvakt-hovdingen hadde med seg, reiv ned murane ikring Jerusalem.

11Resten av folket, dei som var att i byen, og dei som var falne ifrå og hadde gjenge yver til Babel-kongen, og resten av ålmugen førde han - Nebusaradan, hovdingen for livvakti - burt.

12Berre nokre av dei ringaste i landet let han vera att; dei skulde arbeida i vinhagane og på åkrane.2 Kong 24,14

13Koparsulone i Herrens hus og fotstykki og koparhavet som stod i Herrens hus, braut kaldearane sund og førde koparen til Babel.Jer 27,19-22

14Oskefati og eldskuflene og knivane og røykjelsesskålene og alle kopargognene som hadde høyrt til gudstenesta, tok dei og.

15Og glodpannone og blodbollane - alt, berre det var gull og sylv, tok livvakt-hovdingen med seg.

16Dei tvo sulone og det parlause havet og fotstykki som Salomo hadde laga åt Herrens hus - alt det var det som mykje kopar i at det var ikkje råd å vega det.1 Kong 7,15-16.23.27

17Den eine sula var attan alner høg, og ovanpå henne var det eit sulehovud av kopar, som var tri alner høgt, og rundt ikring sulehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av kopar; og sameleis var det med den andre sula ved flettverket.2 Krøn 3,15; Jer 52,21-27

18Hovdingen for livvakti tok med seg Seraja, øvstepresten, og Sefanja, ein av dei prestane som var næst etter han, og dei tri dørstokk-vaktarane;

19og av byfolket tok han med seg ein hirdmann som var hovudsmann yver herfolket, og fem menner av dei som allstødt hadde vore ikring kongen, og som enno fanst i byen, og skrivaren åt herhovdingen - han som skreiv ut landslyden til hertenesta - og seksti mann av landslyden som dei fann i byen -

20alle desse tok Nebusaradan, hovdingen for livvakti, med seg til Ribla, til Babel-kongen.

21Og Babel-kongen let drepa dei der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda-folket ført burt frå landet sitt.

22Og Nebukadnesar, kongen i Babel, sette Gedalja, son åt Akikam Safansson, til å styra det folket som var att i Judalandet, dei som han let få vera att der.Jer 40,5

23Då alle hovdingane for herflokkane og mennene deira fekk spurt at kongen i Babel hadde sett Gedalja til styrar i landet, kom dei til han i Mispa - det var Ismael, son åt Netanja, og Johanan, son åt Kareah, og Seraja, son åt Tanhumet, frå Netofat og Ja'asanja, son åt ein mann frå Ma'aka, dei og mennene deira.

24Og Gedalja gjorde eiden sin til dei og sa: Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og lyd kongen i Babel, so gjeng det dykk vel!

25Men i sjuande månaden bar det so til at Ismael, som var son åt Netanja Elisamason og høyrde til kongsætti, kom med eit fylgje på ti mann, og dei slo i hel Gedalja og dei jødane og kaldearane som var hjå han i Mispa.Jer 41,1-9

26Då tok alt folket ut, både store og små, og like eins hovdingane for herflokkane - dei for til Egyptarland; for dei var redde kaldearane.Jer 41,17-18

27I sju og trettiande året etter Jojakin, Juda-kongen, var førd i utlægd, sju og tjugande dagen i tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babel - same året som han vart konge - tok Jojakin, Juda-kongen, til nåde og henta han ut or fangehuset.Jer 52,31-34

28Han tala venleg med han og gav han øvste sessen millom dei kongane som var hjå han i Babel.

29Jojakin la av seg fangebunaden og gjekk sidan stødt til bords hjå kongen, so lenge han levde.2 Sam 9,7; 1 Kong 2,7

30Det han laut hava til stendigt livsupphelde, vart sendt han frå kongen, kvar dag det han trong for dagen, og soleis var det heile hans levetid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help