1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg um Aron og sa til han: Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som førde oss upp frå Egyptarland.Apg 7,40
2Då sa Aron til dei: Tak gullringane som konone og sønene og døtterne dykkar hev i øyro, og kom til meg med dei!
3Då reiv alt folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei.
4Og Aron tok imot gullet, støypte det um og laga det med beitelen so det vart som ein kalv. Då ropa dei: Dette er din Gud, Israel, han som førde deg upp frå Egyptarlandet!Sal 106,19-25
5Då Aron såg det, bygde han eit altar for han og ropa ut: I morgon er det høgtid for Herren!
6Dagen etter reis folket upp i otta og ofra brennoffer og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka og stod so upp att og gav seg til å leika.1 Kor 10,7
7Då sa Herren til Moses: Skunda deg og gakk ned att! Folket ditt, som du hev ført upp frå Egyptarlandet, hev fare stygt åt!5 Mos 9,12-29
8Dei hev vore snøgge til å taka utav den vegen eg sa dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til han og ropar: Dette er din Gud, Israel, han som førde deg upp frå Egyptarlandet.
9Og Herren sa til Moses: Eg hev havt auga med dette folket og set at det er eit hardkyndt folk.Apg 7,51
10Lat meg no få råda, so vil eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei, og sidan vil eg gjera deg til eit stort folk.4 Mos 14,12-19
11Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sa: Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev ført ut or Egyptarlandet med di store makt og di sterke hand?2 Mos 13,3.14; Jer 32,21; 5 Mos 9,26-29
12Skal då egyptarane få det å segja: Det var ikkje for det gode han førde dei ut or landet; han vilde drepa dei i fjelli og rydja dei or verdi. Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankane mot folket ditt!
13Kom i hug Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, og det du lova dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernone på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; dei skal eiga det i all æva.1 Mos 12,2.7; 22,16-19
14Då angra Herren at han hadde lova folket sitt vondt.Sal 106,23
15So gjekk Moses ned att av fjellet, og i hand hadde han dei tvo vitnemålstavlone, tavlor som var fullskrivne på båe sidor, både på framsida og baksida var det skrive på dei.
16Og tavlone var Guds eige arbeid, og skrifti var Guds eigi skrift, som var inngravi på tavlone.2 Mos 31,18
17Då Josva høyrde omen av folket som stima og ståka, so sa han til Moses: Eg høyrer herrop i lægret.2 Mos 24,13
18Moses svara: Dette er ikkje fagnadrop frå folk som vinn, og ikkje vådeskrik frå folk som taper; for meg lydest det som song.
19Då Moses kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkane, då vart Moses so harm at han kasta tavlone frå seg nedunder fjellet og slo dei sund.
20Og han tok kalven som dei hadde gjort, og kasta han på elden og mulde han i smått og strodde dusti på vatnet, og det let han Israels-borni drikka av.
21So sa han til Aron: Kva vondt hev dette folket gjort deg, sidan du hev ført dei upp i so stor ei synd?
22Aron svara: Ver ikkje vreid på meg, herre bror! Du veit kor gjenomvondt det er, dette folket.
23Dei sa til meg: Gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, han som førde oss upp frå Egyptarlandet.
24Då sa eg til dei: Den som hev noko gull på seg, lyt taka det av seg! So gav dei meg gullet, og eg kasta det i elden; då kom denne kalven fram.
25Moses såg at folket var agelaust - for Aron hadde mist agen yver dei, til spott for fiendane -
26so gjekk han fram i lægerporten og ropa: Hit til meg alle som høyrer Herren til! Då flokka heile Levi-ætti seg um han,
27og han sa til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk alle mann! Gakk so att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote brør og vener og frendar!5 Mos 33,9
28Levi-borni gjorde som Moses sa, og den dagen fall det av folket ikring tri tusund mann.
29For Moses sa: I dag lyt de vigja dykk til prestar for Herren, um det so er med blodet av sønene og brørne dykkar; so skal han i dag gjeva dykk si velsigning.
30Dagen etter sa Moses til folket: De hev gjort ei stor synd. No vil eg stiga upp til Herren; kann henda eg kunde gjera soning for syndi dykkar.
31So gjekk Moses attende til Herren og sa: Ai ei, dette folket hev gjort ei stor synd! Dei hev laga seg ein gud av gull.
32Å gjev du kunde tilgjeva dei syndi deira! Kann du ikkje, so strjuk meg ut or boki di som du skriv i!Sal 69,29; Rom 9,3
33Då sa Herren til Moses: Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boki mi.
34Gakk no du og før folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja dei for syndi deira.
35Og Herren førde ulukka yver folket for di dei hadde gjort kalven, den som Aron laga åt dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.