1Framsegn um Havøydemarki. Som framfarande stormar i sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.
2Ei hard syn er meg kunngjord: Ransmannen ranar, og herjaren herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! Kvar ein sukk gjer eg ende på.
3Difor er mine lender fulle av verk, eg hev fenge rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg vrid meg so eg ikkje kann høyra, eg er forfærd so eg ikkje kann sjå.
5Dei dukar bord, vakti vaker, dei et og drikk - upp, hovdingar, smyr skjoldane!
10Å, du mitt knuste, mitt sundtreskte folk! Det eg hev høyrt av Herren, allhers Gud, Israels Gud, det hev eg kunngjort for dykk.
11Framsegn um Duma. Til meg ropar dei frå Se'ir: Vaktmann, kva lid det med natti?
12Vaktmannen svarar: Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja, so spør - kom att!
13Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar!Jer 49,28-33; Esek 27,15.20
14Ut til dei tyrstande kjem dei med vatn; dei som bur i Temalandet, kjem imot dei rømande med brød;
15for dei flyr undan sverdet, undan det dregne sverdet og den spente bogen og undan den tunge ufreden.
16For so hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.Jes 16,14; 1 Mos 25,13; Sal 120,5
17Og lite skal det då vera att av bogane åt kjempone i Kedar; for Herren, Israels Gud, hev tala.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.