3. Mosebok 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Aron ber fram dei fyrste offeri sine, fyrst for seg sjølv og sidan for folket; han velsignar folket. Det gjeng eld ut frå Herren og brenner upp offeret, 1-24.

1Då den åttande dagen var komen, kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei øvste i Israel,

2og han sa til Aron: Tak ein uksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, lytelause båe tvo, og leid dei fram for Herrens åsyn!

3Og du skal tala til Israels-borni og segja: Tak ein geitebukk til syndoffer og ein kalv og eit lamb, årsgamle og lytelause båe tvo, til brennoffer,

4og ein ukse og ein ver til takkoffer - dei skal ofrast for Herrens åsyn - og so eit matoffer som er tillaga med olje! For i dag vil Herren syna seg for dykk.

5So henta dei det som Moses hadde sagt, og sette det framanfor møtetjeldet, og heile lyden gjekk innåt og stod for Herrens åsyn.

6Og Moses sa: Soleis hev Herren sagt de skal gjera, so skal herlegdomen åt Herren syna seg for dykk.

7So sa han til Aron: Stig fram åt altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjer soning for deg og for folket, og ber so fram offeret frå folket og gjer soning for dei, soleis som Herren hev sagt!

8So steig Aron fram åt altaret og slakta kalven som skulde vera syndoffer for han sjølv.

9Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorni, og det som var att av blodet, helte han ut innmed altarfoten.

10Feittet og nyro og den store levreflaga av syndofferdyret brende han på altaret, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre;

11men kjøtet og hudi brende han i elden utanfor lægret.

12So slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.

13Sidan rette dei sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.

14Innvolen og føtene tvo han i vatn, og so brende han det og på altaret i hop med hitt.

15So bar han fram offeret frå folket. Fyrst tok han bukken som skulde vera syndoffer for folket, og slakta han og bar han fram til syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.

16Sameleis førde han fram brennofferet og ofra det på rette gjerdi.

17Sidan bar han fram matofferet; av det tok han ein neve og brende på altaret umfram morgon-brennofferet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help