1Og Herren tala til Moses og sa:
2Alt frumbore skal du helga åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv hjå Israels-borni; anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.2 Mos 22,29; 34,19-20; 3 Mos 27,26-29; 4 Mos 3,13; Luk 2,23
3Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egyptarland, or slavehuset! For det var Herren som med si sterke hand leidde dykk ut. Då skal de ikkje eta surbrød.
4I dag er det de tek ut, i abib månad.2 Mos 12,2
5Når då Herren fører deg inn i landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og hevitane og jebusitane, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;1 Mos 17,8; 2 Mos 3,8
6sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.2 Mos 12,15
7Usyrt brød skal du eta alle dei sju dagane; ikkje må det finnast usyrt brød i ditt eige, og ikkje surdeig, so langt som råder.
8Og same dagen skal du gjera dette kunnigt for son din og segja: Det er til minne um det Herren gjorde for meg då eg for frå Egyptarland.2 Mos 12,26-28
9Og det skal vera deg til eit merke på handi og eit minneskrift på panna, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.2 Mos 13,16; 5 Mos 6,8; 11,18
10So skal du då gjere etter denne fyresegni år etter år, på den tid som er sett.
11Og når Herren hev ført deg til Kana'anslandet, som han lova deg og federne dine, og gjev deg det,
12då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, høyrer Herren til.2 Mos 13,2
13Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kje, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Men kvart mannebarn - kvart sveinbarn i ætta di - som er frumbore, skal du løysa.
14Når då son din sidan spør deg: Kva tyder dette? so skal du svara: Med sterk hand leidde Herren oss ut or Egyptarland, or slavehuset.
15For det gjekk slik til at då Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, då slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.2 Mos 12,29
16Og det skal vera til eit merke på handi di og ein minnesetel på panna di; for med sterk hand førde Herren oss ut or Egyptarland.2 Mos 13,9
17Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud dei ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste; for han tenkte dei kunde koma til å angra seg når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarland.
18Men Gud laga det so at dei svinga inn på den vegen som gjekk igjenom øydemarki til Raudehavet. So for då Israels-borni stridsbudde ut or Egyptarlandet.
19Og Moses tok beini av Josef med seg; for Josef hadde teki eiden av Israels-borni og sagt: Når Gud kjem og lydest til dykk, so skal de taka beini mine med dykk herifrå.1 Mos 50,25; Jos 24,32
20So tok dei ut frå Sukkot og leira seg i Etam, tett innmed øydemarki.
21Og Herren gjekk fyre dei, um dagen i ein skystopul som leidde dei rette vegen, og um natti i ein eldstopul som lyste for dei, so dei kunde fara natt og dag.4 Mos 14,14; Neh 9,12; Sal 78,14; 105,39; 1 Kor 10,1
22Skystopulen kvarv ikkje frå folket um dagen, og eldstopulen ikkje um natti.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.