4. Mosebok 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev lover um nasirearar: lovnaden deira, korleis dei skal reinsast, og kva offer dei skal bera fram, 1-21. Korleis prestane skal vigsla folket, 22-27.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ein mann eller kvinna gjer ein nasirear-lovnad og vigjer seg til Herren,

3so skal dei halda seg ifrå vin og sterke drykker; dei må ikkje smaka vineddik eller annan sterk eddik; dei må ikkje drikka nokon drykk som er tillaga av druvor, og ikkje eta druvor, korkje friske eller turre.

4So lenge vigsla varer, må dei ikkje eta noko som er tillaga av vintreet, frå kjerna til skal.

5So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet åt den som er vigd; alt til vigslingstidi er ute, skal han vera heilag; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.Dom 13,5

6So lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma innåt noko lik.

7Um far eller mor eller bror eller syster hans døyr, so må han ikkje for deira skuld gjera seg urein; for merket på hans vigsla til hans Gud er på hovudet hans.4 Mos 4,18

8Alt medan vigsla varer, er han heilag for Herren.

9Brådøyr det nokon innmed han og fører ureinskap yver det vigde hovudet hans, so skal han raka hovudet sitt den dagen han vert rein att; den sjuande dagen skal han raka det;

10og den åttande dagen skal han koma til presten, til møtetjelddøri, med tvo turtelduvor eller tvo duveungar,

11og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, og gjera soning for han, so han vert rein for den syndi han førde yver seg då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,

12og vigja seg for Herren att for like lang tid som han fyrst hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lamb til skuldoffer. Den fyrste vigslingstidi gjeld ikkje meir, etter di vigsla hans vart utskjemd.

13So er lovi um nasirearen: Den dagen vigslingstidi hans er ute, skal dei leida han fram åt møtetjelddøri,

14og han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt lytelaust verlamb til brennoffer og eit årsgamalt lytelaust saulamb til syndoffer og ein lytelaus ver til takkoffer

15og ei korg med usyrt brød som er baka av fint mjøl, og hellekakor med olje i, og oljesmurde tunnbrødleivar, med matoffer og drykkoffer som høyrer til.

16Og presten skal bera det fram for Herrens åsyn og ofra syndofferet og brennofferet hans;

17og av veren skal han stella til eit takkoffer åt Herren og bera det fram saman med usyrdebrød-korgi, og so skal han bera fram matofferet og drykkofferet hans.

18Sidan skal nasirearen raka det vigde hovudet sitt innmed møtetjelddøri og taka det vigde hovudhåret sitt og leggja det på elden som brenn under takkofferet.Apg 18,18; 21,24

19Og presten skal taka den eine bogen av veren, kokt, og ei hellekaka av dei som er i korgi, og ein tunnbrødleiv og leggja det i hendene på nasirearen, etter han hev raka av seg vigslingsmerket sitt.

20Desse gåvone skal presten svinga for Herrens åsyn; dei er heilage og skal høyra presten til, umfram svingebringa og lyftelåret. Sidan kann nasirearen drikka vin.2 Mos 29,27-28; 3 Mos 7,34

21Dette er lovi for den som gjer ein nasirear-lovnad, desse gåvone skal han bera fram for Herren attpå vigsla si, umfram det han elles hev råd til; han skal halda seg etter lovnaden han hev gjort, umfram det som lovi um vigsla hans krev.

22Og Herren tala til Moses og sa:

23Tala til Aron og sønene hans og seg: So skal de segja når de velsignar Israels-borni:

24Herren velsigne deg og vare deg!

25Herren late sit andlet lysa mot deg og vere deg nådig!Sal 67,2

26Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!

27Soleis skal dei leggja mitt namn på Israels-borni, og so vil eg velsigna dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help