Malaki 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
På domsdagen skal dei ugudlege verta tynte, medan rettferdssoli (i Messias) skal renna for dei gudlege og lækja dei, 1-3. Til slutt manar profeten folket til å leggja seg Moselovi på hjarta og halda fast ved henne, og forkynner at Herren fyrr den store domen kjem, skal senda ein ny Elias (døyparen Johannes), som med preika si skal umvenda mange av folket, so landet kann sleppa å ganga til grunns, 4-6.
1For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna dei upp, segjer Herren, allhers Gud, so ikkje vert att av dei anten rot eller grein.