1Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, so det ikkje finst hus der lenger, og de ikkje kann koma heim att meir; frå Kittims land fær dei fretnad um det.
4Men statt no der med skam, du Sidon! For so segjer havet, havborgi: Eg hev ikkje vore barnsjuk, og hev ikkje født born, og ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.
5Når dei fær høyra um dette i Egyptarland, so skal dei skjelva ved fretnaden um Tyrus.
6Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi!
7Er dette dykkar glade by, som vart til i eldgamle dagar, og som av føtene sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?
11Han hev rett ut handi si yver havet, han hev fenge kongerike til å skjelva; Herren hev bode at borgene i Kana'anslandet skulde øydeleggjast.
14Jamra dykk, de Tarsis-skip! For borgi dykkar er lagd i øyde.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.