Ordtaka 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Salomos ordtøke skal leida til visdom, 1-6. Otte for Herren er upphav til visdom, 7. Ungdomen skal høyra på fyretolone og åtvaringane frå foreldri og fylgja dei, og ikkje samtykkja når syndarar lokkar han til å vera med dei og sitja etter næsten og rana det han eig; forføringskunstene deira er alt for openberre, og rådene deira er vonde og fører dei sjølve til fall, 8-19. Visdomen, som talar berrsynleg og høgt til menneski, tel dårane til å venda um og åtvarar dei at dei ikkje må vera ulydige mot fyretolone; elles kjem dei til å valda seg sjølve ulukka, og um dei då freistar å lyda etter det visdomen segjer, er det for seint. Men han lovar dei lydige vern mot alt vondt, 20-33.

1Ordtøke av Salomo, son åt David, konge yver Israel.1 Kong 2,12; 4,32; Fork 1,1

2Av dei kann ein læra visdom og age og å skyna vituge ord;

3av dei kann ein få age so ein vert klok, og læra rettferd og rett og rettvisa;

4dei kann gjeva dei einfalde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke.Matt 10,16

5Den vise aukar sin lærdom når han høyrer på dei, og den vituge vert før til å leva rett.

6Dei gjev skyn på ordtak og bilettale, ord frå vismenn og gåtone deira.

7Otte for Herren er upphav til kunnskap; dårar vanvyrder visdom og age.Job 28,28; Sal 111,10; Ordt 9,10

8Høyr etter, son min, når far din agar deg, og kasta ikkje frå deg det som mor di lærer deg!Ordt 6,20

9For slikt er ein fager krans for ditt hovud og kjedor kring halsen din.

10Son min! Når syndarar lokkar deg, so samtykk ikkje!

11Når dei segjer: Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fellor for den skuldlause utan grunn;Mi 7,2

12me vil gløypa dei levande liksom helheimen, med hud og hår, liksom han gløyper dei som fer ned i gravi;

13me vil vinna oss alle slag dyre eigneluter, fylla husi våre med rana gods;

14du skal få kasta lut um det saman med oss, alle skal me hava same pungen -

15då må du ikkje slå lag med dei, son min! Haldt foten din burte frå deira stig!

16For føtene deira spring til det som vondt er, og dei er snøgge når det gjeld å renna ut blod;Jes 59,7; Rom 3,15

17fåfengt er det å strekkja netet so alle fuglane ser det;

18dei lurer etter sitt eige blod, dei set fellor for sitt eige liv.Ordt 1,12

19So gjeng det kvar som søkjer låk vinning; ho tek livet av sine eigne herrar.1 Tim 6,10

20Visdomsmøyi ropar høgt på gata, på torgi let ho røysti si ljoma;

21på gatehyrna ropar ho midt i ståket, ved portinngangane, kring i byen tek ho til ords:Ordt 8,1

22Kor lenge vil de utvituge elska uvitingskap og spottarane hava hug til spott og dårane hata kunnskap?

23Vend um og gjev gaum når eg refser! So skal eg lata åndi mi fløyma for dykk, eg skal kunngjera dykk mine ord.

24Etter di de ikkje vilde høyra når eg ropa, og ingen akta på at eg rette ut handi,Jes 65,12; 66,4; Jer 7,13

25etter di de vanda alle mine råder og ikkje ansa mitt refsingsord,

26so skal og eg læ når ulukka råmar dykk, eg skal spotta når det som de reddast kjem,

27når det som de reddast, kjem som eit uver, og ulukka dykkar kjem farande som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.

28Då skal dei ropa på meg, men eg svarar ikkje; dei skal leita etter meg, men ikkje finna meg.Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11-12; Joh 8,21

29Av di dei hata kunnskap og ikkje vilde ottast Herren,

30av di dei ikkje lydde på mi råd, men vanyrde all mi påminning,

31difor skal dei eta frukti av si åtferd og verta mette av meinrådene sine.Jes 3,10-11

32For einvisa drep dei uvituge, og tryggleiken tyner dårane;

33men den som høyrer på meg, skal bu trygt og leva i fred utan ulukke-redsla.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help