1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land: Federne et sure druvor, og borni vert sårtennte?
11som ikkje noko av dette ber seg åt, men endå til eit på fjelli og skjemmer kona åt næsten sin,
12er hard imot armingen og fatigmannen, ranar og røvar, ikkje gjev pantet att, lyfter augo til dei ufysne avgudane fer med styggedom,
13låner ut for rente og tek yvermål - skulde so han få leva! Alt dette avstyggelege hev han gjort; lata livet skal han, blodet hans skal koma yver han.
14Men fær so han att ein son som ser alle syndene som far hans gjer - ser dei og ikkje gjer det same,
15ikkje et på fjelli og ikkje lyfter augo til avgudane åt Israels-lyden, ikkje skjemmer kona åt næsten sin,
16ikkje er hard imot nokon, ikkje tek pant, ikkje ranar og røvar, men gjev den svoltne sitt brød og klæder den nakne
17ikkje forgrip seg på armingen, ikkje tek renta eller yvermål, men gjer etter mine lover og lever etter mine bod, so skal han ikkje døy for misgjerningi åt far sin; leva skal han.
18Men far hans, som for med valdsverk, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt, millom landsmennene sine, sjå, han lyt døy for si misgjerning.
19Men de segjer: Kvifor skal ikkje sonen bera misgjerningi åt faren? - Sonen hev då gjort rett og rettferd, alle mine bod hev han halde og gjort etter dei; leva skal han.
20Den som syndar, han skal døy; ein son skal ikkje bera misgjerningi åt far sin, og ein far skal ikkje bera misgjerningi åt son sin; yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den ugudlege skal hans gudløysa vera.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.