Ester 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ahasverus let samla dei fagraste møyane frå heile riket - han vil velja seg ei dronning millom dei i staden for Vasti; millom dei er Ester, ei jødekvinna, fosterdotter åt Mordekai, 1-8. Møyane fyrebur seg i tolv månader og kjem so etter tur inn til kongen; då radi kjem til Ester, og dei leider henne inn, likar kongen henne betre enn nokor av dei andre og tek henne til dronning, 9-18. Mordekai, som sit i porten til kongsgarden - ingen veit at han er skyld Ester - fær vita at tvo hirdmenner vil leggja hand på kongen; han melder dei, og dei vert hengde, 19-23.

1Då det leid um ei tid, og harme hadde runne av kongen, kom han i hug att Vasti og det ho hadde gjort, og det som var vedteke um henne.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help