Daniel 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Darius frå Media set yver riket sitt 120 satrapar og yver dei tri landshovdingar; ein av dei er Daniel, som gjeng framum dei andre og vinn den største godhug hjå kongen, 1-4. Dei andre vert ovundsame for dette og fær kongen til å bjoda at i 30 dagar må ingen venda seg med bøn til nokon annan enn til kongen; elles skal dei kasta han i løvegropi, 5-10. Daniel bed framleides, som han var van, til sin Gud tri gongar um dagen, han vert klaga, og kongen lyt mot sin vilje kasta han i løvegropi, 11-18; men um morgonen dagen etter finn kongen han til si store gleda uskadd, let mennene sine henta han upp or gropi og kasta klagarane hans nede; dei vert straks uppetne av løvone, 19-25. Darius byd at alle undersåttane hans skal ottast og æra Daniels Gud, 26-29.

1Og Darius frå Media tok imot riket; han var då tvo og seksti år gamal.

2Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket; dei skulde bu rundt ikring i heile riket.

3Yver dei sette han tri riksrådar, og av dei var Daniel den eine; for dei skulde satrapane gjera rekneskap, so kongen ikkje skulde lida noko tap.

4Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådane og satrapane, av di det var ei makelaus ånd i han, og kongen tenkte på å setja han yver heile riket.

5Då leita riksrådane og satrapane etter skuld hjå Daniel i det som kom riksstyringi ved, men dei kunde ingi skuld finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; det fanst ingi misferd og inkje rangt hjå han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help