Salmane 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David prisar Herren for di han hev berga han or ei stor naud, 2-4; han manar dei gudlege til saman med han å prisa Herren, som vender den stuttvarige trengsla um til varande gleda, 5.6; han fortel korleis han, medan han hadde det godt, sokk ned i falsk tryggleik, men so ved Herrens straffedomar vart vekt upp; då bad han til Gud og vart hjelpt, 7-12; difor vil han alltid prisa Gud, 13.
1Ein salme, ein song då huset vart vigt, av David.
2Eg vil upphøgja deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.