1So kom Guds Ande yver Asarja Odedsson,
2og han gjekk ut imot Asa og sa til han: Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de held dykk til han; og søkjer de han, lagar han det so at de finn han; men vender de dykk burt frå han, so vender han seg burt frå dykk.Jes 55,6; Jer 29,13; 1 Krøn 28,9; 2 Krøn 24,20
3I lang tid hadde Israel ingen sann Gud og ingen prest som lærde dei, og ingi lov.Dom 2,11-19; 17,6; 21,25
4Men når dei kom i naud, vende dei um til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det so at dei fann han.Dom 3,9.15; 10,10-16
5I dei tider kunde ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det rådde stor uro millom alle dei som budde her i landi.Dom 5,6
6Folk støytte mot folk og by mot by; so dei øydela kvarandre; for Gud valda uro millom dei med allslags trengsel.Dom 12,4-7; 20,1-7
7Men ver de hugheile og lat ikkje hendene siga! Det de gjer, skal nok få si løn.Jer 31,16; Sak 8,9; 1 Kor 15,58
8Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Oded, profeten bar fram, manna han seg og sytte for å få burt dei avstyggelege avgudsbileti i heile Juda- og Benjaminslandet og i dei byane han hadde teke i Efra'imsfjelli. Og han sette i stand Herrens altar, som stod framanfor Herrens forhall.
9So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og dei innflytjarane frå Efra'im og Manasse og Simeon som heldt til hjå dei; for folk gjekk i mengdevis yver til han frå Israel, då dei såg at Herren, hans Gud, var med han.
10I tridje månaden av femtande styringsåret åt Asa samla dei seg i Jerusalem
11og ofra same dagen til Herren sju hundrad naut og sju tusund sauer av det herfanget dei var komne heim med.
12Og dei gjorde ei pakt um at dei vilde søkja Herren, sin fedre-Gud, av alt sitt hjarta og all sin hug,Jos 24,25; 2 Kong 23,3
13og at alle som ikkje søkte Herren, skulde drepast, både små og store, både menn og kvinnor.
14Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop, medan trompetane og lurane ljoma,
15og heile Juda gledde seg yver den eiden; for av alt sitt hjarta hadde dei svore, og med all sin vilje søkte dei Herren; difor let han dei og få finna seg og gav dei ro rundt ikring.
16Kong Asa tok jamvel dronningrangen frå Ma'aka, mor si, for di ho hadde gjort eit grysjeleg avgudsbilete for Astarte. Dette grysjelege avgudsbiletet hennar hogg han ned og mol det til dust og brende det upp i Kidronsdalen.1 Kong 15,13-16
17Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren so lenge han levde.1 Kong 22,44; 2 Kong 12,3
18Dei gåvone som far hans hadde helga, og dei han sjølv hadde helga, flutte han inn i Guds hus, både sylv og gull og andre ting.
19Det var ingen ufred fyrr i fem og trettiande styringsåret av Asas kongedøme.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.