1Eit menneske, født av ei kvinna, det lever stutt, vert mett av uro.
2Som blomen skyt han upp og visnar, som skuggen fer han burt og stend seg ikkje.Sal 90,6-7; 102,12; 103,15; 144,4; Jes 40,6-7; Job 8,9; Fork 6,12
3Og slik ein held du augo opne yver, og meg dreg du fram for din domstol!
4Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!Sal 51,7; Jes 64,5
5Når dagetalet hans er sett, hans månadstal sett fast hjå deg, når du hev sett for han ei grensa, ei som han ikkje kjem utum,Sal 31,16; 39,5; 139,16
6so vend ditt auga burt frå han, so han kann hava ro so vidt at han fær vera nøgd og fegen som leigekaren av sin dag!Job 7,1; 10,20; Sal 39,14
7For treet er det endå von; um det vert det hogge, renn det att, det vantar ikkje renningar;
8um roti eldest nedi jordi, og stuven døyr i turre mold,
9so skyt det endå knupp ved eim av vatn, fær greiner lik eit tre som nyst er planta.
10Men døyr ein mann, so ligg han der, og andast mennesket, kvar er han då?
11Som vatnet renn ut or ein sjø, ei elv med kvart vert grunnare og turkar ut,
12so legg ein mann seg ned, kjem aldri meir på føter; so lenge himmelen er til, vaknar dei ikkje - or svevnen vert dei aldri vekte.
13Å, um du vilde gøyma meg i helheim og løyna meg til vreiden din gjeng av, setja eit tidsmål for meg og sidan hugsa meg!
14Livnar ein mann att når han døyr? Då venta eg mi stridstid ut, til det kom avløysing for meg;Job 7,1
15du skulde ropa då, eg skulde svara; du skulde lengta etter dine henders verk.
16Men no tel du kvart steg eg tek, og aktar stendigt på mi synd.
17Forsigla i ein pung ligg brotet mitt, du saumar att for mi misgjerning.Hos 13,12
18Men liksom fjellet fell og smuldrast, og berget vert flutt burt frå staden sin,
19som vatnet holar steinen ut og flaumen skolar moldi burt, so gjer du mannsens von til inkjes.Job 8,13; 11,20; Ordt 10,28
20Du døyver han for alltid, han gjeng burt; du skamfer andletet på han og let han fara.
21Kjem borni hans til æra, veit han ikkje det, og vert dei vanvyrde, går han det ikkje.
22Hans lekam kjenner berre eigi liding, og sjeli kjenner berre eigi sorg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.