Esekiel 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten forkynner at det skal koma ein domedag yver Egyptarland og dei folki som er i samband med det, 1-5. Egyptarane skal missa si makt, og landet deira verta øydelagt av Nebukadnesar, 6-12. Egyptarlands gudar skal verta til inkjes, festningane verta tekne og øydelagde, ungdomen falla og kvinnone førast i utlægd, 13-19. I ein ny spådom forkynner profeten at makti åt Farao skal brotna, men makti åt Babel-kongen verta styrkt, 20-26.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson, spå og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Barma dykk: Å, for ein dag!

3For nær er dagen, ja, nær er Herrens dag; ein myrkskya dag, ei domstid for folki skal det vera.

6So segjer Herren: Dei som styd Egyptarland, skal falla, og ovmodet og makti skal kverva; frå Migdol til Syene skal folket der falla for sverd, segjer Herren, Israels Gud.

18I Tehafnehes skal dagen myrkna, når eg der bryt sund Egyptarlands-åket, og det er ute med ovmodet og makti; sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.

19Eg vil halda dom yver Egyptarland, og dei skal sanna at eg er Herren.

20I det ellevte året, den sjuande dagen i fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

21Menneskeson! Armen åt Farao, egyptarkongen, hev eg brote forderva, og sjå, ingen hev fetla han; ingen hev bruka lækjeråder eller lagt bindsel ikring, so han kunde verta sterk nok til å gripa sverdet.

22Difor segjer Herren, Israels Gud so: Sjå, eg kjem yver Farao, Egyptarkongen, og eg skal brjota armane hans sund, både den heile og den brotne, og lata sverdet detta or handi hans.

23Eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei ut i landi.

24Eg skal styrkja armane åt Babel-kongen og leggja sverdet mitt i hans hand, men armane åt Farao vil eg brjota, og han skal liggja og stynja framfor han, som ein mann styn når han hev fenge ulivssår.

25Ja, armane åt Babel-kongen vil eg styrkja, men armane åt Farao skal siga ned; og dei skal sanna at eg er Herren, når eg legg sverdet mitt i handi på Babel-kongen, og han retter det ut mot Egyptarlandet.

26Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei ut i landi, og dei skal sanna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help