Salmane 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David bed Herren høyra bøni hans og hjelpa han mot fiendane hans, 2. Han manar fiendane til å halda upp med åtaki sine; for han er den som Herren hev kåra, 3.4; dei skal vera stille, tena Herren med ærleg hug og lita på han, 5.6. Sjølv lit han på Herren, hev ei gleda i han som er større enn deira timelege gleda, og er trygg i hans varetekt, 7-9.

1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg; ver meg nådig og høyr mi bøn.

3De velduge menn! Kor lenge skal mi æra vera til spott? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4Vit då at Herren hev kåra seg ein som er gudleg! Herren høyrer når eg ropar til han.

5Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på lægjet dykkar og ver stille! Sela.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help