1So tok me på ei onnor leid og for uppover på vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom imot oss til Edre'i med alt herfolket sitt og baud ufred.
9- det er det som sidonitane kallar Sirjon og amoritane Senir -
10alle byane på sletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre'i, tvo byar i riket åt Og i Basan.
11For Og, kongen i Basan, var den siste som var att av refa'itane; sengi hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt ammonitane; ho er av jarn og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.Jos 13,12; 1 Mos 14,5
12Dette landet la me under oss då: Bygdene nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byane som der var, let eg rubenitane og gaditane få.4 Mos 32,33-42
13Og det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argoblandet, gav eg til den halve Manasse-ætti. Heile dette Basanriket kallar dei refa'itlandet.
14Ja'ir, son åt Manasse, tok heile Argoblandet radt til bytet mot gesuritane og ma'akatitane; desse bygdene, Basanbygdene, gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla dei Ja'irsbygdene, alt til denne dag.4 Mos 32,41
15Gilead let eg Makir få,4 Mos 32,40
16og rubenitane og gaditane gav eg landet frå Gilead til Arnonåi, til midt i åi, og landet langs med den, og til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-borni,
17og moane og Jordanåi og landet langs med den, frå Kinneret til Moavatnet - det som dei kallar Saltsjøen - nedunder Pisgalidene, på austsida.4 Mos 34,11; Jos 12,2-6
18Den gongen var det eg sa til dykk: Dette landet hev Herren dykkar Gud gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-borni, so mange av dykk som er våpnføre,4 Mos 32,17
19og berre konone og borni dykkar og bufeet - for eg veit de hev mykje bufe - skal vera att i byane som eg hev gjeve dykk;
20men når Herren hev late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet som Herren dykkar Gud gjev dei på hi sida Jordan, då kann de fara heim att, kvar til den eigedomen, som eg hev gjeve dykk.Jos 22,4
21Same gongen sa eg til Josva: Du såg sjølv kva Herren dykkar Gud gjorde med desse tvo kongane; so vil Herren gjera med alle dei riki du fer yver til.
22De tarv ikkje reddast dei; for Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.5 Mos 1,29-46; Jos 10,14.42
23For same gongen bad eg so vent til Herren og sa:
24Herre, Herre! Du hev alt synt tenaren din so mykje av din storleik og di makt; for kvar finst det ein gud i himmelen eller på jordi som kann gjera slike storverk og under som du?Sal 86,8; 89,7
25Å lat meg få koma yver og sjå det gilde landet på hi sida åt Jordan, dette gilde fjell-landet og Libanon!
26Men Herren var harm på meg for dykkar skuld; han vilde ikkje høyra på meg og sa: No lyt det vara nok! Tala ikkje um det til meg meir!5 Mos 1,37; 4 Mos 20,12; 27,13-14
27Stig upp på Pisgatinden og vend augo dine mot vest og mot nord og mot sud og mot aust, og sjå vidt ikring deg! For denne Jordanåi kjem du aldri yver.5 Mos 34,1.4
28So skal du segja Josva fyre og styrkja og stålsetja han; for han skal føra dette folket yver og hjelpa dei til å vinna det landet du fær sjå.5 Mos 31,7; Jos 1,6
29So la me oss til i dalen, midt for Bet-Peor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.