5. Mosebok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses segjer til folket at dei skal rydja ut all avgudsdyrking or Kana'ans-landet, 1-3; dei skal halda gudstenesta etter Guds vilje på den staden som Herren sjølv vel til det, og der skal dei eta kjøtet av offeri sine, men ikkje blodet, 4-28; han legg dei på hjarta at dei må akta seg for avgudsdyrkingi åt kana'anitane, 29-32.

1Dette er dei bodi og lovene de skal halda dykk etter i det landet som Herren, Gud åt federne dykkar, hev gjeve dykk; lat dei aldri ganga dykk or minne so lenge de lever på jordi:

2Der som dei heidningane de driv burt, hev dyrka gudane sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjelli og på haugane og under kvart grønt tre.

3De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinane; Astarte-bileti deira skal de brenna, og gudebileti skal de hogga sund og rydja ut namni deira der dei hev vore.

10Men når de hev gjenge yver Jordan og sett dykk ned i det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk til odel og eiga, og han hev gjeve dykk ro for alle fiendar rundt ikring, so de bur trygt,

11då skal den staden som Herren dykkar Gud vel seg til bustad åt namnet sitt, vera den einaste staden de kjem til med alt det eg segjer dykk fyre: brennofferi og slaktofferi dykkar, tiendi og reidone og alle dei valde gåvone som de lovar Herren.

12Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønene og døtterne dykkar og drengene og tenestgjentone dykkar og levitane som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon lut eller arv tilliks med dykk.

28Lyd då etter alle desse bodi som eg gjev deg, og haldt dei, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, når du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren din Gud!

29Når Herren din Gud hev rudt ut for deg dei folki du no fer imot og vil driva burt, og når du hev jaga dei ut og sett deg ned i landet deira,

30akta deg då at du ikkje vert dåra og fylgjer i fotfaret deira, etter dei hav vorte utøydde for augo dine! Du skal ikkje spyrja etter gudane deira og segja: Korleis tente desse folki gudane sine? Eg vil gjera som dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help