1Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudane i Egyptarland for han, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet.
6Elvane tevjar, kanalane minkar og turkast ut, røyr og sev visnar.
7Engjane frammed elvi, på elvebakken, og alt åkerland langs elvi turkast upp, fyk burt og kverv.
8Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i elvi, syrgjer, og dei som set garn i vatnet, stend modlause.
9Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty.
10Landsens grunnpilarar er nedbrotne; alle dei som arbeidar for løn, er hugsjuke.
11Berre dårar er hovdingane i Soan; dei visaste millom rådgjevarane åt Farao gjev fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: Eg er ætta frå vismenner, frå kongane i gamletidi?
12Kvar er då vismennene dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers Gud, hev etla seg til å gjera med Egyptarland?
13Nei, fyrstane i Soan hev vorte dårar, fyrstane i Nof hev vorte til narr, og ættehovdingane hev ført Egyptarland på villstig.
14Herren hev rent ut ei svimringsånd i dei, so dei hev ført Egyptarland vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.
19I den tidi skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptarlandet, og ein minnestein for Herren ved landskilet.1 Mos 28,18.22; 2 Mos 24,4
20Det skal vera til eit merke og eit vitne i Egyptarlandet for Herren, allhers Gud; når dei ropar til Herren for trælkarane skuld, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann og berga dei.Dom 2,16.18; 3,9
21Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptarland, og egyptarane skal kjenna Herren i den tidi, og dei skal bera fram slaktoffer og matoffer og gjera lovnader til Herren og halda dei.Sal 68,32; 4 Mos 30,3-17; 5 Mos 23,22-23; Sal 4,6; 50,23; 51,19.21
22Herren skal slå Egyptarland, slå, men og lækja, og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra dei og lækja dei.
23I den tidi skal det vera ein brøytt veg frå Egyptarland til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptarland, og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane.
24I den tidi skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptarland og Assyria, ei velsigning midt på jordi,
25for di Herren, allhers Gud, hev signa det og sagt: Signa vere Egyptarland, mitt folk, og Assyria, verket av mine hender, og Israel, min arv!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.