Esekiel 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel set fram ei likning um ein stor ørn; ørnen tok øvste kvisten av eit sedertre på Libanon og sette han i Babel; so tok han ein liten renning frå Israelslandet og planta eit lågvakse vintre som i staden for å snu greinene sine til ørnen tøygde seg burt imot ein annan ørn, 1-10. Dette vert tydt um Jojakin, som vart burtførd til Babel, og um Sedekias, som vart sett til kong yver Juda, men fall frå Babel-kongen og søkte hjelp hjå Egyptarland, og som difor like eins skal førast burt til Babel, 11-21. I eit bilete spår profeten um Messias og det herlege riket hans: Herren vil taka ein grann kvist av eit høgt sedertre og planta på Israels-fjellet, og denne kvisten skal verta til eit herleg tre, 22-24.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Set fram ei gåta åt Israels-lyden og tala til dei i ei likning

3og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Den store ørnen med dei store vengene og dei lange slagfjørene, med tett og mangleta fjørham, kom til Libanon og tok toppen av sederen.

4Han braut av øvste kvisten, og førde han til kjøpmannslandet og sette han ned i kræmarbyen.

5So tok ho ein renning som voks der i landet, og sette han i dyrka jord; han sette han som ein piletein på ein stad der det var mykje vatn.

6Og han voks og vart til eit vintre som breidde seg vidt ut, men var lågvakse, so rankane skulde venda seg til han, og røtene vera under han. Og han vart til eit vintre som fekk greiner og skaut lauvrike kvister.

7Men det var ein annan stor ørn med store venger og uven fjørham, og sjå, vintreet krøkte røtene burtimot han, og frå den sengi der det var planta, tøygde det rankane burtåt han, so han skulde vatna det -

8endå det var planta i god jord, på ein stad der det var mykje vatn, so det kunde skjota greiner og bera frukt og verta eit gildt vintre.

9Seg: So segjer Herren Israels Gud: Skal det trivast? Skal ikkje føtene slitast upp og frukti rivast av, so det tornar? Kvart eit sprettande blad skal torna, og ingen kann få det til å renna upp av føtene, um han hev stor makt og mykje folk.

13So tok han ein utav kongsætti og gjorde ei pakt med han og let han gjera eiden, og dei mektige i landet tok han med seg -

14han vilde at det skulde vera eit litevore kongerike og ikkje hevja seg upp, men halda pakti med han og standa seg.

15Men han fall ifrå og let sine sendemenner fara til Egyptarlandet, so dei skulde gjeva han hestar og mykje folk. Skal han hava lukka med seg? Skal den som gjer slikt, sleppa undan? Skal han få brjota pakti og sleppa frå det?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help