1Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!1 Kor 4,16; Ef 5,1; Fil 3,17; 2 Tess 3,9
2Eg rosar dykk at de minnest meg i alle ting og held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk dei.1 Kor 11,22
3Men eg vil de skal vita at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.1 Mos 3,16; Ef 5,23; 1 Kor 3,23; 15,28
4Kvar mann som hev noko på hovudet når han bed eller talar profetord, han vanærar hovudet sitt;
5men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.
6For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømeleg for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!
7For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, etter di han er Guds bilete og æra; men kvinna er mannsens æra.1 Mos 1,27
8For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen;1 Mos 2,23
9mannen vart då ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.1 Mos 2,18-23
10Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englane skuld.
11Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna;Gal 3,28
12for liksom kvinna er av mannen, og so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.Rom 11,36; 1 Kor 8,6
13Døm hjå dykk sjølve: er det sømeleg at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?
14Lærer ikkje sjølve naturi dykk at um ein mann let håret veksa langt, er det han til vanæra,
15men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til slør.
16Men dersom nokon vil vera trettekjær, so hev ikkje me den sedvanen, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.1 Tim 6,4
17Dette segjer eg dykk no fyre. Men det eg ikkje kann rosa, er at de kjem saman ikkje til det betre, men til det verre.1 Kor 11,2.22
18For fyrst so høyrer eg at når de kjem saman i kyrkjelyden, er det usamnad hjå dykk, for ein deil trur eg at so er;1 Kor 1,11-16
19for det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.Matt 18,7; Luk 2,35
20Når de då kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et;
21for når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.
22Hev de då ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar dei som ingen ting hev? Kva skal eg segja til dykk? skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.Jak 2,6
23For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus den natti han vart sviken, tok han eit brød,1 Kor 15,3; Gal 1,12; Luk 22,19-23
24takka og braut det og sa: Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!Sal 111,4
25Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minna um meg!
26For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.Apg 1,11
27Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens lekam og blod.
28Men kvart menneske prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!2 Kor 13,5; Gal 6,4
29For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom når han ikkje gjer skil på Herrens lekam.
30Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.
31Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde;Sal 32,5; Ordt 28,13
32men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.Hebr 12,5-6
33Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre;
34og um nokon hungrar, so ete han heime, so dei ikkje skal koma saman til dom! Det andre skal eg gjeva fyresegner um når eg kjem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.