1Til deg, Herre, set eg mi lit, lat meg aldri i æva verta til skammar!Sal 31,2-9
2Fria meg ut og berga meg ved di rettferd! Halla ditt øyra til meg og frels meg!
3Ver meg eit berg til å bu på der eg alltid kann koma, du som hev gjeve påbod um frelsa for meg! For du er mitt fjell og mi festning.Sal 18,3; 62,3
4Min Gud, fria meg ut or handi åt den ugudlege, or hans vald som er urettferdig og gjer valdsverk!
5For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen.
6På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget, du er den som drog meg ut or morslivet; um deg vil eg alltid syngja min lovsong.Sal 22,10.26
7Som eit under hev eg vore for mange, men du er mi sterke borg.
8Min munn er full av ditt lov, av din herlegdom heile dagen.
9Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes.
10For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som vaktar på mitt liv legg råder i hopSal 56,7
11og segjer: Gud hev forlate han; forfylg han og tak han, for det er ingen som bergar!
12Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, skunda deg og hjelp meg!Sal 22,12.20
13Lat dei som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunns! Lat dei som søkjer mi ulukka, verta klædde i skam og spott!Sal 70,3
14Men eg vil alltid vona, og stødt vil eg lova deg meir og meir.
15Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen; for eg veit ikkje tal på dei.Sal 40,6
16Eg vil koma fram med Herrens, Israels Guds veldige verk, eg vil prisa di rettferd, berre di.
17Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar.Sal 77,12-13
18Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamal og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, di makt til kvar den som skal koma.Jes 46,4
19Og di rettferd, Gud, når upp til det høge; du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du?Sal 36,6; 2 Mos 15,11; 2 Sam 7,22; Mi 7,18; Sal 86,8
20Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss levande att og draga oss upp att or dyptene i jordi.5 Mos 32,39; 1 Sam 2,6
21Du vil lata meg veksa og vil venda og trøysta meg.
22So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud. Eg vil syngja del lov med citar, du Israels Heilage!
23Mine lippor skal fegnast, for eg vil syngja deg lov, og mi sjel, som du hev løyst ut.Sal 103,2-5
24Ogso tunga mi skal heile dagen tala um di rettferd; for dei hev vorte til spott, dei stend til skam, dei som søkjer mi ulukka.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.