2. Samuelsbok 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David hentar Guds kista frå Kirjat-Jearim til Davidsstaden, 1-5. Ussa kjem nær kista; difor tek Herren livet hans. David torer ikkje taka kista heim til seg; ho vert sett i huset åt Obed-Edom; Herren velsignar den mannen, 6-11. Då David fær høyra det, hentar han kista og let levitar bera henne; han ofrar og dansar av gleda framfor kista; dei set henne på sin stad på Sion; sidan velsignar David folket og sender dei heim. Mikal vanvyrder og lastar David for di han hev dansa; han forsvarar seg og talar henne til rettes; ho vert verande barnlaus, 12-23.

1Um eit bel samla David på nytt lag alt det utvalde mannskapet i Israel - tretti tusund mann.

3Dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt or Abinadabs hus, som låg på haugen; Ussa og Ahjo, sønene hans Abinadab, køyrde den nye vogni.

9Den dagen vart David redd Herren og sa: Det er ikkje råd at Herrens kista kann koma inn til meg!

10Han vilde ikkje flytja Herrens kista upp til seg i Davidsstaden, men let dei føra henne burt til huset åt Obed-Edom, som var frå Gat.1 Krøn 13,13-14; 2 Sam 5,7.9

11Der - hjå Obed-Edom - vart Herrens kista standande i tri månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.

12Med same kong David fekk vita at Herren hadde velsigna huset åt Obed-Edom og all hans eigedom for Guds kista skuld, drog han av stad og henta Guds kista or huset åt Obed-Edom og upp til Davidsstaden med stor fagnad.

13Då dei som bar henne, hadde gjenge seks steg fram, ofra han uksar og gjødkalvar.1 Krøn 15,26-29; 1 Kong 8,5

14Og sjølv dansa han av all makt for Herrens åsyn, klædd i ei prestekåpa av lereft.

15Soleis henta David og heile Israels-ætti Herrens kista upp med fagnadrop og lurlåt.

16Men då Herrens kista vart boren inn i Davidsstaden, bar de so til at Mikal Saulsdotter skoda ut igjenom vindauga. Då såg ho korleis kong David hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvyrde han i sitt hjarta.

17So førde dei då Herrens kista inn og sette henne på sin stad midt i den tjeldbui som David hadde reist åt henne. David ofra brennoffer for Herrens åsyn og takkoffer,1 Krøn 16,1-3

18og då han hadde fullført ofringi, lyste han velsigning yver folket i namnet åt Herren, allhers Gud.1 Kong 8,55

19So skifte han ut åt heile folket, åt heile mengdi i Israel, både karar og kvinnor, eit kakebrød og eit stykke kjøt og ei rosinkaka til manns. Sidan tok heile landslyden ut att og for kvar til sin heim.

20Då David kom heim att og vilde velsigna huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut imot han og sa: Kor høgt Israels konge hev vorte æra i dag - han som i dag nækte seg for augo på tenestgjentone åt tenarane sine, som laust folk hev for vis!

21David svara: For Herrens åsyn, han som valde meg ut framum far din og heile hans hus og sette meg til fyrste yver Herrens folk, yver Israel - for Herrens åsyn var det eg dansa;2 Sam 5,2; 7,8

22og eg vil gjera meg endå ringare enn denne gongen og verta liten i mine eigne augo, og dei tenestgjentone du tala um - saman med dei vil eg verta æra.

23Men Mikal Saulsdotter vart verande barnlaus alt til sin døyande dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help