1So sa Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet:
2Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn gjenom desse portane!
12men på den staden som dei førde han fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.
13Usæl han som byggjer sitt hus med urettferd og sine salar med urett, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev han løni hans,
16Han hjelpte armingen og fatigmannen til hans rett; då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.
17Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinning og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.
18Difor segjer Herren so um Jojakim Josiasson, Juda-kongen: Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, bror min! Ai, syster mi! Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!
21Eg tala til deg medan det gjekk deg vel; men du sa: Eg vil ikkje høyra. Det var visi di alt frå din ungdom at du ikkje høyrde på mi røyst.
25Og eg vil gjeva deg i hendene på dei som stend deg etter livet, og i hendene på dei som du reddast, i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og i hendene på kaldearane.Jer 21,7; 34,20
26Og eg vil slengja deg og mor di som fødde deg, burt til eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.2 Kong 24,12.15
27Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit att skal dei aldri koma.
28Er då denne mannen Konja ei vanvyrd, sundslegi leirkrukka, eller eit kjerald som ingen bryr seg um? Kvifor er dei burtkasta, han og ætti hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?Jer 17,4
29Land, land, land, høyr Herrens ord!
30So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag! For ingen av ætti hans skal meir få lukka til å sitja i Davids kongsstol og råda yver Juda.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.