1. Samuelsbok 28 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Filistarane dreg i strid mot Saul att; han vert redd og spør Herren, men fær ikkje svar, 1-6. Han gjeng til ei trollkvinna i En-Dor og vil at ho skal mana fram Samuel for han, 7-14. Samuel varslar undergang for Saul; Saul vert forfærd og stuper til jordi, 15-20. Han ris upp, styrkjer seg med mat og fer sin veg, 21-25.

1I same tidi bar det so til at filistarane samla herane sine og vilde draga i strid mot Israel. Då sa Akis til David: Du veit vel at du lyt fylgja meg i striden, både du og mennene dine.

2David svara: Vel, då skal du få sjå kor mykje tenaren din skal gjera. Akis sa: Vel, so set eg deg til hovding yver livvakti mi for all tid.

3Samuel var då avliden, og heile Israel hadde halde syrgjefest etter han og gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Og Saul hadde drive ut or landet dei som for med å mana fram daudingar og spåvette.1 Sam 25,1; 2 Mos 22,18; 3 Mos 19,31; 20,27; 5 Mos 18,10-11

4Då filistarane hadde samla seg, drog dei fram til Sunem og lægra seg der. Då samla Saul heile Israel, og dei lægra seg på Gilboa.

5Men då Saul såg filisterlægret, vart han so redd at hjarta skalv i han.

6Han spurde Herren; men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller med urim eller gjenom profetar.2 Mos 28,30; 4 Mos 27,21

7So sa han til mennene sine: Finn meg ei kvinna som fer med å mana fram daudingar, so vil eg ganga til henne og spyrja henne! Mennene svara: I En-Dor er ei kvinna som kann mana.

8Då skifte han klæde og hama seg til so ingen kunde kjenna han, og so gjekk han i veg; det var tvo mann med han. Dei kom til kvinna um natti, og Saul sa: Kjære, hjelp meg til ein spådom med manarkunsti di, og henta upp til meg den som eg nemner for deg!

9Kvinna svara: Du veit då sjølv kva Saul hev gjort - at han hev rudt ut or landet alle som for med å mana fram daudingar og spåvette. Kvifor set du då ei snara for meg, so eg kjem til å lata livet?

10Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: So visst som Herren lever: Det skal ikkje koma nokor skuld på deg for dette.

11Kvinna spurde: Kven er det eg skal henta upp til deg? Han svara: Samuel.

12Men då kvinna såg Samuel, skreik ho ende yver seg og sa til Saul: Kvifor hev du narra meg? Du er Saul!

13Då sa kongen til henne: Ver ikkje redd! Men kva var det du såg? Kvinna svara: Eg såg ein gud som steig upp or jordi.

14Saul spurde: Korleis ser han ut? Ho svara: Det er ein gamal mann som stig upp, og han er sveipt i et kåpa. Då skyna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jordi.

15Og Samuel sa til Saul: Kvifor hev du uroa meg og henta meg upp? Saul svara: Eg er i stor naud; filistarane søkjer på meg, og Gud hev vike frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjenom profetar eller i draumar; difor kalla eg på deg, so du skulde lata meg få vita kva eg skal gjera.1 Sam 18,12

16Då sa Samuel: Kvifor spør du då meg, når Herren hev vike frå deg og vorte din uven?1 Sam 16,14

17No hev Herren gjort det som han tala um gjenom meg - Herren hev rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David.1 Sam 15,28; 1 Kong 11,11

18For di du ikkje lydde Herren og ikkje let hans logande vreide få øyda Amalek, difor hev Herren gjort dette mot deg i dag.1 Sam 15,18-19

19Saman med deg skal Herren gjeva Israel og i hendene på filistarane, og i morgon skal du og sønene dine vera hjå meg; Israelslægret skal Herren og gjeva i hendene på filistarane.1 Sam 31,6

20Då stupte Saul med ein gong i koll so lang han var, slik redsla kom det yver han då han høyrde ordi hans Samuel; ingi makt var det i han heller, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natti.

21Kvinna kom burtåt han, og då ho såg kor forfærd han var, sa ho til han: Eg lydde deg, herre konge, og våga livet mitt og gjorde som du sa til meg.1 Sam 19,5

22So lyd no du og meg, herre, og lat meg få setja fram ein bete mat åt deg, og et det, so du kann styrkjast til du skal taka i veg att!

23Men han baud av og sa: Eg vil ikkje hava noko mat. Då nøydde dei han, både mennene hans og kvinna, til han lydde dei. Han reis upp og sette seg på sengi.

24Kvinna hadde ein gjødkalv standande inne; den skunda ho seg og slakta. So tok ho mjøl og knoda og baka hellekakor.

25Med so gjort bar ho på bordet åt Saul og mennene hans, og dei åt; sidan reis dei upp og for sin veg same natti.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help