2. Kongebok 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Joakas vert konge i Israel etter Jehu; han er gudlaus, og landet hans vert herja av syrarane, men Gud bønhøyrer og hjelper han då han gjer bot; han døyr, 1-9. Joas, son hans, vert konge i Israel etter han; han døyr, 10-13. I hans dagar vert Elisa sjuk; Joas lydest um han; Elisa lovar han siger yver syrarane; Elisa døyr; ein daud mann kjem innåt beini hans og livnar upp ått, 14-21. Hasael døyr, og Benhadad vert konge i Syria; Joas vinn yver han tri gonger og tek att nokre byar som Israel hadde ått, 22-25.

1I tri og tjugande året av kongedømet åt Joas Akasjason i Juda vart Joakas, son åt Jehu, konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde for riket i syttan år.2 Kong 10,35

2Han gjorde det som Herren mislika, og for fram etter same syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja - den veik han ikkje utav.

3Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på Hasael, kongen i Syria, og Benhadad, son hans, heile tidi.Dom 2,14; 2 Kong 10,32

4Men Joakas freista å blidka Herren, og Herren høyrde på han, av di han såg den naudi Israel var stadd i då syrarkongen trengde dei so hardt.2 Kong 14,25-29

5Herren gav Israel ein hjelpar, so dei kom seg undan syrarveldet. Sidan fekk Israels-borni bu i heimane sine som dei fyrr hadde gjort.

6Like vel veik dei ikkje utav den syndefulle vegen som Jeroboams hus hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja; den heldt dei fram etter; jamvel Astarte-biletet vart standande i Samaria.

7[Herren bønhøyrde Joakas] for han hadde ikkje leivt meir folk åt han enn femti ridarar og ti vogner og ti tusund mann fotfolk; for syrarkongen hadde tynt dei og gjort dei so små som dusti som ligg att etter treskjingi.

8Det som meir er å segja um Joakas, um alt det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

9So for Joakas til federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joas, son hans, vart konge etter han.

10Det var i sju og trettiande året av kongedømet åt Joas i Juda at Joas Joakasson vart konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde for riket i sekstan år.

11Han gjorde det som Herren tykte ille um, og veik aldri utav den syndefulle vegen som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt og fenge Israel til å fylgja; den for han fram etter.

12Det som meir er å segja um Joas, um alt det han gjorde, og um storverki hans, korleis han slost med Amasja, Juda-kongen, det stend skrive i krønikebøkene åt Israels-kongane.2 Kong 14,8-9; 2 Krøn 25,17-28

13So for Joas til federne sine, og Jeroboam sette seg på kongsstolen hans. Joas vart gravlagd i Samaria, der hine Israels-kongane låg.2 Kong 14,16

14Då Elisa hadde fenge helsotti, kom Joas, Israels-kongen, ned til han og gret uppyver han og sa: Far, far! Du som er Israels vogner og ridarar!2 Kong 2,12

15Då sa Elisa til han: Henta ein boge og nokre piler! Då henta han det til han.

16Då sa Elisa til Israels-kongen: Legg handi di på bogen! Då han det hadde gjort, la Elisa hendene sine på hendene åt kongen

17og sa: Lat upp vindauga som vender mot aust! Han let det upp, og Elisa sa: Skjot! So skaut kongen. Då sa Elisa: Ei sigers-pil frå Herren, ei sigers-pil mot syrarane! Du skal slå syrarane i Afek og heiltupp gjera ende på dei.

18Sidan sa han: Tak pilene! Kongen tok dei, og Elisa sa til han: Slå på jordi! Han slo tri gonger, men so heldt han upp.

19Då vart gudsmannen harm på han og sa: Du skulde ha slege fem eller seks gonger, so hadde du heiltupp gjort ende på syrarane; no kjem du berre til å slå dei tri gonger.

20So døydde Elisa og vart gravlagd. - I fyrstningi av året kom det jamt herjeflokkar inn i landet frå Moab.

21So hende det ein dag medan dei var åt og skulde jorda ein mann, at dei fekk sjå ein herjeflokk; då kasta dei mannen ned i gravi åt Elisa, og med same mannen kom nær beini åt Elisa, livna han upp att og reis på føtene.

22Hasael, kongen i Syria, trengde Israel hardt so lenge Joakas levde.

23Men Herren miskunna dei og ynkast yver dei og vende seg til dei for den pakti skuld som han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han vilde ikkje øyda dei ut og kasta dei ikkje endå burt ifrå seg.1 Mos 17,7-8; 2 Mos 2,24; 3 Mos 26,42

24Og då Hasael, kongen i Syria, var avliden, og Benhadad, son hans, hadde vorte konge etter han,

25då vann Joas Joakasson dei byane att som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred millom dei. Tri gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help