Salmane 120 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel bed Herren, som fyrr hev bønhøyrt det i naudi, at han no og må koma det til hjelp og straffa dei baktalande grannane, og hev den visse trui at han vil gjera det, 1-4. Fredsælt som folket sjølv er, lyt det klaga sårt yver deira ufredlege og fiendslege hug og ferd, 5-7.

1Ein song til høgtidsferdene. / Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.

2Herre, frels mi sjel frå ei ljugarlippa, frå ei falsk tunga!

3Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?

4Kveste piler frå valdsmannen og glør av einebuska. /

5Usæl eg, som lyt halda til millom Mesek og bu ved Kedars tjeld! /

6Lenge nok hev sjeli mi butt hjå dei som hatar fred.

7Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help