1Då Mordekai fekk vita alt det som hendt var, reiv han sund klædi sine og hadde på seg sekkety og oska. So gjekk han ut i byen og skreik og jamra høgt og sårt.
2Han kom so langt som til den opne plassen framanfor kongsporten; for ingen som var klædd i sekkety, fekk lov til å ganga inn i kongsporten.
3Og i kvart land og på kvar stad som ordi åt kongen og bodet hans nådde fram til, vart det stor sorg på jødane, og dei fasta og gret og øya; mange tok jamvel sekkety og oska og hadde til underbreidsla i lega si.
4Ternone og hirdsveinane åt Ester kom og fortalde henne det. Då vart dronningi ottefull. Ho sende Mordekai klæde, som han skulde hava på seg i staden for dei sekkeklædi han gjekk i; men han tok ikkje imot dei.
5So ropa Ester på Hatak, ein hirdsvein som kongen hadde sett til å ganga henne til handa, og bad han ganga til Mordekai og spyrja kva som var tids, og kvifor han bar seg soleis åt.
6Hatak gjekk ut og fann Mordekai på bytorget framanfor kongsporten,
7og Mordekai sa frå um alt som hadde hendt han, og nemnde grant kor mykje sylv Haman hadde lova å leggja i skattkammeret åt kongen, um han fekk gjera ende på jødane.Est 3,9
8Og han gav han og ei avskrift av det skrivne påbodet som hadde vorte utferda i Susan um å rydja dei ut; den skulde han visa Ester og gjeva henne greida på alt og setja henne fyre å ganga inn til kongen og søkja hans nåde og beda at han vilde spara folket hennar.Est 2,20
9Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt.
10Då bad Ester Hatak bera desse ordi fram til Mordekai:
11Alle tenarane åt kongen og folket i dei landa som ligg under hans velde, veit at um nokon, mann eller kvinna, ukalla gjeng inn til kongen i indre tunet, so gjeld for alle som det gjer, same lovi: dei lyt lata livet, utan so er at kongen retter ut gullstaven sin imot dei - då fær dei leva. Men no hev eg ikkje på tretti dagar vore kalla inn til kongen.
12Då Mordekai fekk høyra kva Ester hadde sagt,
13bad han dei svara henne so: Du må ikkje tenkja at av alle jødar du åleine fær sleppa undan, av di du eig heime i kongsgarden!
14For um du tegjer stilt no, so vil det nok koma berging og hjelp for jødane frå ein annan stad, men du og farsætti di kjem til å øydast. Og kven veit um det ikkje er just for eit høve som dette du hev fenge dronningrang?1 Mos 45,7
15Då baud Ester å svara Mordekai so:
16Gakk i veg og få samla alle jødar som finst i Susan, og haldt so fasta for mi skuld! I tri døger må de ingen ting eta eller drikka, korkje um dagen eller um natti! Eg og ternone mine skal og fasta på same vis. Med so gjort vil eg ganga inn til kongen, endå det ikkje er etter lovi. Lyt eg so døy, so lat meg døy!1 Mos 43,13; 2 Kong 7,4
17So gjekk Mordekai av stad og gjorde i alle måtar so som Ester hadde sagt han fyre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.