Amos 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten kved ein syrgjesong yver Israels fall, som snart kjem, og nemner som grunn at størsteparten av folket skal lata livet, 1-3. Dette skal henda for di Israel ikkje hev fylgt Herrens kall til å søkja han og gjeva upp avgudsdyrkingi si, men trakkar retten under fot utan otte for han, den allmektige Gud, og hans domar, som ingen kann standa seg imot, og er hardhjarta mot dei fatige, 4-12. Det nyttar visst ikkje å tala i ei so vond tid som den noverande; like vel lyt profeten mana folket til å leggja vinn på rettferd; kann henda det då vil finna nåde hjå Gud og sleppa å verta tynt. For alt det hev synda til no, skal Herren heimsøkja det og fylla det med sorg og jammer, 13-17. Profeten ropar eit ve yver Israel, som ikkje tenkjer på kor skræmeleg Herrens dag vil verta, men trår etter at han skal koma, med di dei lit på den utvertes, falske gudstenesta si. Herren vil ikkje vita av denne gudstenesta deira, men skal lata ein dom som øyder alt, koma yver folket, som alt i øydemarki hev fare med avgudsdyrking og no skal verta ført langt burt frå landet sitt, 18-27.

1Høyr dette ordet, ein syrgjesong som eg syng yver dykk, du Israels hus!

2Ho er falli, og aldri ris ho meir, møyi Israel; ho ligg slengd til jord på sin eigen grunn, og ingen reiser henne upp.

3For so segjer Herren, Israels Gud: Den byen som tusund dreg ut or, skal hava hundrad att, og den som hundrad dreg ut or, skal hava att ti, i Israels hus.

4For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de leva!1 Krøn 28,9

5Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal og far ikkje til Be'erseba! For Gilgal lyt fara i utlægd, og Betel skal verta til inkjes.Hos 4,15

6Søk Herren, so skal de leva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; han skal øyda, elden, og Betel hev ingen til å sløkkja!Jes 55,6; Hos 8,14; Am 3,14

7Dei som vender retten til malurt og kastar rettferd til jordi!Am 6,12; Jes 5,20

8Han som skapte Sjustjerna og Orion og gjer kolmyrkret til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er namnet hans!Job 38,31; Sal 104,20; Am 9,6; 1 Mos 7,17

9Han som let tyningi koma som ljon mot den sterke og sender øyding yver den faste borg!

10På tinget hatar dei den som hevdar retten, og dei styggjest ved den som talar sant.Jes 29,21

11Difor, for di de trør fatigmann ned og tek korn ifrå han i avgift, so fær de ikkje bu i dei hus av hoggen stein som de sjølve hev bygt, og ikkje drikka vin frå dei fagre vinhagar som de sjølve hev planta.Ordt 22,16; Sef 1,13; 5 Mos 28,39

12For eg veit at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal; de forfylgjer den skuldlause, tek imot løysepengar og rengjer retten for fatigfolk på tinget.

13Difor tegjer den kloke i denne tid; for ei vond tid er det.4 Mos 35,31; 2 Mos 23,6

14Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de fær leva. Då skal Herren, allhers Gud, vera med dykk, so som de hev sagt.Sal 97,10; Rom 12,9

15Hata det vonde og elska det gode, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning.Sal 34,15; Jes 1,16; Joel 2,13-17

16Difor segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, so: På alle torg skal ein høyra øying, og på alle gator skal dei ropa: Ai, ai! Bonden skal dei henta til syrgjehøgtid, og til dei som kann kveda syrgjekvede, skal dei segja: Syng ein syrgjesong!Jer 9,17-22

17Og i alle vinhagar skal ein høyra øying; for midt ibland dykk vil eg ganga fram, segjer Herren.2 Mos 12,12

18Usæle dei som trår etter Herrens dag! Kva vil de då med Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos.Mal 2,17; Jer 30,7; Joel 2,2

19Det er som når ein flyr undan ei løva, men møter ein bjørn, og når han kjem heim og styd handi mot veggen, bit ormen han.Jer 48,44; Am 9,3

20Ja, Herrens dag er myrker og ikkje ljos, kolmyrk og utan ljoske.

21Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor;Jes 1,11-14; Jer 6,20; Mal 2,3

22for um de kjem til meg med brennoffer og matoffer, so hugnast eg ikkje ved dei, og dykkar takkoffer av gjødkalvar ser eg ikkje på.Jer 14,12; Hos 8,13; Sal 50,8-13; 51,18-19

23Lat meg vera i fred for dine ståkande songar! Eg vil ikkje lyda på ditt harpespel.

24Men domen skal koma veltande som vatn, og rettferdi lik ein bekk som alltid fløymer.

25Bar de fram for meg slaktoffer og matoffer dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus?Apg 7,42-50

26Nei, de bar tjeldet åt kongen dykkar og fotstykket under bileti dykkar, gudestjerna dykkar, som de hadde gjort dykk.

27Eg vil føra dykk i utlægd, langt burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help