Jona 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Jonas er harm for di Herren sparer Ninive, og bed han mismodig um å lata han døy; Herren refser han for det, 1-4. Herren vil syna profeten klårare kor rang åtferdi hans er. Han let difor eit tre veksa upp, som vernar han mot solheten og fyller hjarta hans med gleda, men let det so visna att, so han ormektast. Jonas vert mismodig for dette og ynskjer atter å få døy; då held Herren fram for han kor urimeleg det er at han som ynkast yver eit forgjengeleg tre som han ingi møda hev havt med, er harm for di Gud ynkast over ein by som er full av hans skapningar, 5-11.
1Men det tykte Jonas svært ille um, og han vart brennande harm.
2Han bad då til Herren og sa: Å Herre, var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg til Tarsis den gongen; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.