1Men høyr no, Job, på talen min og lyd på alle mine ord!
2Sjå, eg hev opna mine lippor, alt talar tunga i min munn.
3Truverdige og ærlege er mine ord, og endefram skal mine lippor bera fram min kunnskap.
4Guds Ande er det som hev skapt meg, og anden ifrå den Allmektige held meg i live.
5Dersom du kann, so svara meg! Væpna deg mot meg og stig fram!
6Eg er din likemann for Gud, eg og er laga utav leir.Job 3,15; 10,9
7Redsla for meg tarv ikkje taka deg, mitt velde ikkje tyngja på deg.
8Men du hev sagt for øyro mine, so lydde ordi som eg høyrde:
9Uskyldig er eg, utan brot, flekklaus er eg og fri for misgjerd;Job 9,21; 10,7; 16,17; 23,10
10men Gud vil hava uvensgrunnar mot meg, han held meg for ein fiendsmann;Job 13,24; 16,9; 19,11
11han set i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.Job 13,27
12Nei, dette hev du ikkje rett i, svarar eg; Gud er då større enn eit menneske.
13Kvi krev du han til rekneskap? Han svarar ikkje med eit ord.
14Men EIN gong talar Gud, ja tvo dersom ein ikkje aktar på det.
15I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei ligg blundande på lægjet,
16då let han øyro upp på dei og set innsigle på åtvaringi til dei,Job 36,10
17for å få mennesket burt frå si gjerning og rydja ovmod ut hjå mannen
18og berga sjeli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude.
19Han vert og refst med liding på sitt lægje, og stendig uro gjeng igjenom merg og bein.Sal 38,4
20Hans liv fær mothug imot brød og sjeli hans mot lostemat.
21Hans kjøt vert upptært, so ein ikkje ser det meir, hans bein, som ikkje synte fyrr, ligg berre;
22og nær til gravi kjem hans sjel, hans liv til daude-englane.2 Sam 24,16
23Er det då innmed han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som kunngjer mennesket den rette vegen,
24so vil Gud ynkast yver han og segja: Fria han frå å fara ned i gravi! No hev eg fenge løysepengar.
25Då vert hans lekam frodigare enn i yngdi, då vert han atter som i sine ungdomsdagar.Sal 103,5
26Han bed til Gud, og han er nådig mot han; med jubel skodar han Guds åsyn, og han gjev mennesket rettferdi att.Jes 58,9
27Han syng for menneski og segjer: Vel synda eg og krenkte retten, men eg fekk ikkje lika for det;
28han fria sjeli, so ho ikkje gjekk i grav, og no ser livet mitt med gleda ljoset.
29Sjå, alle desse ting gjer Gud tvo gonger, ja dei tri, mot mannen,
30når han vil berga sjeli hans frå gravi, so ljoset åt dei levande kann stråla kring han.Sal 56,14
31Gjev gaum då, Job, og høyr på meg! Ver tagal du, so eg fær tala!
32Um du hev ord, so svara meg! Tala, eg gjev deg gjerne rett!
33Hev du det ikkje, høyr so du på meg! Teg still, so du hjå meg kann læra visdom!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.