2. Samuelsbok 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Nahas, ammonitarkongen, døyr; ammonitarhovdingane fær Hanun, son hans, til å fara svivyrdelig med sendemennene åt David, som kjem og skal trøysta han, 1-4. Joab og Abisai, herhovdingane åt David, vinn yver ammonitane og syrarane, som hev hjelpt ammonitane, 5-14. Syrarane taper ein gong til for David, 15-19.

1Sidan bar det so til at ammonitarkongen døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

7Då David høyrde det, sende han Joab av stad med heile heren, alle dei djervaste stridsmennene.

17Då David fekk bod um det, stemnde han saman heile Israel og gjekk yver Jordan og drog fram mot Helam. Då han kom dit, fylkte syrarane heren sin mot han, og det bar i hop med dei.

18Men syrarane rømde for Israel, og David drap mannskapet på sju hundrad vogner for dei og felte fyrti tusund hestfolk; Sobak, herhovdingen deira, fekk og sin bane der.Sal 20,8

19Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for Israels-mennene, gjorde dei fred med dei og gav seg under dei, og sidan torde ikkje syrarane hjelpa Ammons-borni meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help