1Dette var sønene åt David, dei som han fekk i Hebron: Fyrste sonen sin, Amnon, fekk han med Akinoam frå Jisre'el. Den andre, Daniel, fekk han med Abiga'il frå Karmel.
2Den tridje, Absalom, var son åt Ma'aka, som var dotter åt Talmai, kongen i Gesur; den fjorde, Adonja, var son åt Haggit.
3Den femte, Sefatja, fekk han med Abital, den sette, Jitream, med Egla, ei av konone sine.
4Desse seks fekk han i Hebron, der sat han konge i sju år og seks månader, og i tri og tretti år sat han konge i Jerusalem.
5Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Simea og Sobab og Natan og Salomo - desse fire fekk han med Batsua Ammielsdotter -
6og Jibhar og Elisama og Elifelet,
7og Nogah og Nefeg og Jafia,
8Elisama og Eljada og Elifelet; dei var ni i talet.
9Dette var alle sønene hans David umfram sønene han fekk med fylgjekonone. Tamar var syster deira.2 Sam 13,1
10Son åt Salomo var Rehabeam; hans son var Abia; hans son var Asa; hans son var Josafat;1 Kong 11,43
11Hans son var Joram, hans son var Akasja; hans son var Joas;
12hans son var Amasja; hans son var Asarja; hans son var Jotam;
13hans son var Akas; hans son var Esekias; hans son var Manasse;
14hans son var Amon; hans son var Josias.
15Av sønene hans Josias heitte den eldste Johanan, den andre Jojakim, den tridje Sedekias, den fjorde Sallum.
16Av borni åt Jojakim heitte ein son Jekonja og hans son Sedekias.
17Dei sønene som Jekonja fekk medan han sat fange, var Sealtiel, son hans,
18og Malkiram og Pedaja og Senassar, Jekamja, Hosama og Nedabja.
19Sønene åt Pedaja var Serubabel og Sime'i; og sønene hans Serubabel var Mesullam og Hananja - dei hadde ei syster som heitte Selomit -
20og Hasuba, Ohel og Berekja, Hasadja og Jusab-Hesed, fem i talet.
21Sønene åt Hananja var Pelatja og Jesaja og Refaja-sønene, Arnans-sønene, Obadja-sønene og Sekanja-sønene.
22Son åt Sekanja var Semaja; og sønene hans Semaja var Hattus og Jigal og Bariah og Nearja og Safat, seks i talet.
23Sønene hans Nearja var Eljoenai og Hiskia og Asrikam, tri i talet.
24Sønene åt Eljoenai var Hodaiva og Eljasib og Pelaja og Akkub og Johanan og Delaja og Anani, sju i talet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.