Esekiel 47 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel skildrar ein bekk som gjeng ut frå templet, vert djupare og djupare og kallar fram liv og spreider signing kvar han kjem - eit bilete på den stendigt rikare fullnad av Anden, av liv og frelsa som skal ganga ut frå Herren og verta utrend yver menneski gjenom Messias, 1-12. Han nemner grensone åt det heilage landet, som skal skiftast ut millom israelitane og dei framande, 13-23.

1So førde han meg attende til inngangen åt huset, og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust; og vatnet rann ned frå høgre sida på huset, sunnanfor altaret.

2Sidan let han meg ganga ut gjenom nordporten og førde meg ikring utanfor, til ytreporten, den porten som snur austetter, og sjå, det kom vatn vellande fram undan høgresida.

3Mannen gjekk no austetter med ei mælesnor i handi og mælte tusund alner; so hadde han meg til å vada yver vatnet, og vatnet gjekk meg til oklo.

4So mælte han tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet; då gjekk det til knes. So mælte han tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet; der gjekk det upp til lendene.

5So mælte han endå tusund alner, og no var det ei å som eg ikkje kunde vada; for vatnet gjekk so høgt at ein laut symja der - det var ei å som ikkje let seg vada.

6Og han sa til meg: Hev du set det, menneskeson? So førde han meg attende langs med å-breiddi.

7Som eg gjekk attende, fekk eg sjå at det stod ei stor mengd med tre på å-breiddi, på båe sidor.

9Alle levande skapningar, som det yrer av alle stader der den tvifløymande åi renn, skal leva, og det skal verta ei ovmengd med fisk; for når dette vatnet kjem dit, vert det helsebot og liv alle stader der åi kjem.

10Det skal standa fiskarar frammed havet frå En-Gedi til En-Egla'im; ein stad til å kasta ut fiskegarn skal det vera; der skal finnast fisk av ymse slag i store mengder, som i Storhavet.

11Men myrane og deplane der skal ikkje verta friske; dei skal berre vera til å vinna ut salt av.

12Frammed åi, på båe å-breddene, skal det veksa upp frukttre av alle slag; lauvet på dei skal ikkje visna og frukti ikkje trjota; kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet åt dei renn ut frå heilagdomen; og frukti på dei skal vera til mat, og lauvet til lækjedom.Sal 1,3; Op 22,2

13So segjer Herren, Israels Gud: Dette er landskilet, og innan det skal de skifta ut landet til odel åt Israels tolv ætter; Josef skal hava tvo luter.1 Mos 48,5; Jos 17,17

14De skal taka det til odel, den eine som den andre, for di eg hev rett handi i veret og svore at eg vilde gjeva federne dykkar det; so skal de då få dette landet til odel og eiga.Esek 20,42; 1 Mos 15,18

15Dette er då landskilet: På nordsida frå Storhavet langs med vegen til Hetlon burtimot Sedad,

16Hamat, Berota, Sibra'im, som ligg millom Damaskusskilet og Hamatskilet, det millomste Haser, som ligg burtimot Havranskilet.

17Soleis skal landskilet ganga frå havet til Hasar-Enon attmed Damaskusskilet og framleides endå lenger nordetter upp til Hamatskilet. Dette er nordsida.

18På austsida: Jordan, millom Havran og Damaskus og millom Gilead og Israelslandet; frå nordskilet til Austhavet skal de mæla. Dette er austsida.

19På sudsida - mot sud - skal landskilet ganga frå Tamar til Meribotvatnet attmed Kades; odelslandet skal nå til Storhavet. Dette er sudsida - landskilet mot sud.Esek 48,28; 4 Mos 20,13; 34,5

20På vestsida skal Storhavet vera landskil og ganga frå sudgrensa til midt for Hamat. Dette er vestsida.

21Dette landet skal de byta millom dykk etter Israels ætter.

22De skal skifta det ut med lutkasting til odel åt dykk sjølve og dei framande som bur hjå dykk og hev fenge born ibland dykk; dei skal vera for dykk som dei som er fødde og borne i sjølve Israel; dei skal få odelsjord med dykk millom ættene i Israel.

23I den ætti der den framande bur, der skal de gjeva han odelsjordi hans, segjer Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help