1Nahas, ammoniten, gjorde ei herferd og kringsette Jabes i Gilead. Då sa alle Jabes-buane til han: Gjer fred med oss, so skal me tena det!
2Men Nahas, ammoniten, svara: Ja, eg vil gjera fred med dykk, men berre på det vilkåret at eg sting ut høgre auga på kvar av dykk og soleis fær gjort vanæra på heile Israel.
3Då sa styresmennene i Jabes til han: Gjev oss frest i sju dagar, so me kann senda bod kringum i heile Israelsriket! Er det då ingen som hjelper oss, so vil me gjeva oss yver til deg.
4Då dei som for med bodet, kom til Gibea, heimstaden åt Saul, og bar fram ærendi si for folket, brast heile folket i gråt.
5I same stundi kom Saul heim av åkeren med uksane sine fyre seg. Han spurde: Kva hev kome åt folket med di dei græt? So fortalde dei han kva bod Jabes-mennene hadde bore.
6Då Saul høyrde det, kom Guds Ande yver han, og harmen loga upp i hugen hans.1 Sam 10,10; Dom 14,6
7Han tok tvo uksar og luta dei upp og sende lutene kring i heile Israelsriket med bodberarane, som skulde segja: So skal dei gjera med uksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden, Då kom det ein otte frå Herren yver folket, og dei drog ut alle som ein.
8Han mynstra dei i Besek; det var tri hundrad tusund Israels-søner og tretti tusund Juda-menner.
9So sa dei til sendemennene som var komne: Seg til Jabes-buane: I morgon høgstdags leite skal det kome hjelp åt dykk! Då sendemennene kom heim att med det bodet, vart Jabes-buane glade,
10og dei sa: I morgon vil me gjeva oss yver til dykk so fær de gjera med oss som de synest!
11Dagen etter skipa Saul folket i tri hopar, og fyrstundes i otta braut dei seg inn i lægret og hogg ned ammonitane, og dei heldt ikkje upp fyrr det leid til høgstdags. Dei som var att, vart spreidde vida ikring - det vart ikkje att tvo mann på ein stad.
12Då sa folket til Samuel: Kven var det som sa: Skal Saul vera konge yver oss? Hit med karane, so me kann få slå dei i hel.1 Sam 10,27
13Men Saul sa: På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag hev Herren gjeve Israel siger.2 Sam 19,22; 1 Sam 14,45
14Og Samuel sa til folket: Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!
15So for alt folket til Gilgal, og der i Gilgal gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn og ofra takkoffer for Herrens åsyn. Og Saul og alle Israels-mennene gledde seg storleg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.