1. Kongebok 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Salomo byggjer templet, det heilage og det høgheilage romet, like eins forhalli og ein tilbygnad innåt tempelmurane, i tri høgder og med kovar, 1-10. Herren openberrar seg for Salomo og segjer at han vil halda lovnadene sine, so sant Salomo lyder han, 11-13. Innvendes bordklæder Salomo huset og klæder det med gull; han lagar kjerubar og dører og byggjer ein fyregard, 14-38.

1Det var i fire hundrad og åttiande året etter utferdi åt Israels-borni or Egyptarlandet, i månaden siv - det er andre månaden - fjorde året etter Salomo hadde vorte konge yver Israel, at han tok til å byggja huset for Herren.

9Soleis sette han upp huset, og då han hadde gjort det ferdigt, tekte han det med bjelkar og med sederplankar i rader.1 Kong 7,3.7; 6,15

10Tilbygnaden som han sette upp rundt ikring heile huset, hadde tri høgder på fem alner, og var fest til huset med sederbjelkar.1 Kong 6,5-6

11Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde so:

12No byggjer du dette huset - so sant du ferdast etter fyresegnene mine og held lovene mine og aktar på alle bodi mine og held deg etter dei, so vil eg lata det gjelda for deg det som eg lova David, far din,2 Sam 7,13-16

13og eg vil bu midt imillom Israels-borni og aldri skiljast med Israel, folket mitt.2 Mos 29,15; 3 Mos 26,11

14So bygde Salomo huset og gjorde det ferdigt.

15Han klædde veggene i huset innvendes med sederbord; frå golvet og alt uppåt loftsbjelkane klædde han med tre innvendes, og golvet la han med cypressbord.

16Tjuge alner fram frå baksida på huset sette han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet og upp til loftsbjelkane, og romet innanfor reidde han inn til kor - det var det høgheilage romet.1 Kong 6,20

17Og huset - det heilage romet framanfor koret - var fyrti alner langt.

18Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre - kolokvintar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.

19Inst i huset stelte han til eit kor; der skulde Herrens paktkiste standa.

20Framanfor koret, som var tjuge alner langt og tjuge alner breidt og tjuge alner høgt, og som han klædde med fint gull, sette han eit altar og klædde det med sedertre.

21Og Salomo klædde huset innvendes med fint gull og hengde gull-lekjor burtetter veggen framanfor koret og klædde den med gull.

22Heile huset klædde han med gull, frå eine enden til hin; heile altaret som høyrde til koret, klædde han og med gull.

23I koret laga han tvo kjerubar av oljetre; dei var ti alner høge.2 Mos 25,8-9; 37,7-9

24Den eine vengen på kvar av kjerubane var fem alner, og hin vengen var og fem alner - ti alner var det frå enden av den eine vengen til enden av hin vengen.

25Den andre kjeruben var og ti alner (millom vengje-endane); det var eins mål og eins skap på båe kjerubane.

26Den eine kjeruben var ti alner høg, og den andre like eins.

27Han sette kjerubane i det inste romet i huset, og dei breidde ut vengene åt kjerubane, so eine vengen på den eine av dei tok burti den eine veggen, og eine vengen på hin kjeruben tok burti hin andre veggen, og hine tvo vengene nådde i hop midt i huset.

28Og han klædde kjerubane med gull.

29Alle veggene i huset rundt ikring prydde han med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar, og det både i det indre og det ytre romet.

30Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.

31For inngangen til koret gjorde han ei vengedør av oljetre. Dørkollen med dørskiene var ein femtepart av veggen.

32Båe oljetre-dørene prydde han med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde dei med gull; gullet breide han ut yver kjerubane og palmone.

33Sameleis gjorde han for inngangen til det heilage romet dørskier av olje, på fjordeparten av veggen,

34og tvo dørvenger av cypresstre; båe dørvengene var i tvo luter, som kunde svingast kvar for seg.

35Og han prydde dei med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde dei med gull som vart lagt jamt utyver utskurden.

36Muren kring den indre fyregarden bygde han av tri lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.

37I fjorde året, i månaden siv vart grunnvollen lagd til Herrens hus,1 Kong 6,1

38og i det ellevte året, i månaden bul - det er åttande månaden - var huset ferdigt med alt som til høyrde, og i eitt og alt som det skulde vera. Då hadde han bygt på det i sju år.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help