Jesaja 38 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekias vert strengt sjuk og bed til Herren; Herren lovar at han vil leggja femtan år attåt alderen hans, og stadfester lovnaden sin med eit under, 1-8. Esekias syng ein takkesong til Herren, der han skildrar si store naud og fæla i sjukdomen og prisar Herrens hjelp og velgjerningar, 9-20. Korleis han vert lækt, 21.22.

1Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren: Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.

13Eg roa mi sjel alt til morgons; som ei løva knasar han alle mine bein; frå dag til natt gjer du av med meg.

16Herre, ved dei lever menneskja, og dei held uppe alt liv i mi ånd; so gjer meg då frisk, og lat meg leva!

17Sjå, til fred vart meg det beiske, ja det beiske, og kjærleg drog du mi sjel or tyningsgravi; for du kasta alle mine synder bak ryggen din.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help