Esekiel 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel forkynner at Tyrus skal verta heiltupp øydelagt av Nebukadnesar til straff for at det hev gledt seg yver Jerusalems undergang i von um å hava vinning av det for handelen sin, 1-14. Alle fyrstane og folki på havstrendene og øyane skal verta skræmde og syrgja og barma seg når Tyrus fell, 15-18. Tyrus skal ganga til grunns, heiltupp og for alltid, 19-21.

1I ellevte året, den fyrste dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Av di Tyrus segjer um Jerusalem: Hå, hå! Sundbroten er han, denne folkeporten; til meg er han no flutt, eg vert fyllt - han er øydelagd,

7For so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg let Nebukadnesar, Babel-kongen, kongen yver kongane, koma mot Tyrus nordantil med hestar og vogner og ridarar og med ein her og mykje folk.

21Til ei skræma vil eg gjera deg, og du skal ikkje vera til meir; kor dei leitar etter deg, so skal dei ikkje finna det i all æva, segjer Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help