1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:
2Høyr ordi i denne pakti og tala til Juda-mennene og Jerusalems-buane!
3Seg til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder ordi i denne pakti,
19Men eg var som eit spakt lamb som vert leidt til slakting, og eg visste ikkje at dei hadde tenkt upp meinråder mot meg og sagt: Lat oss øydeleggja treet og frukti på det og rydja han ut or landet åt dei levande, so ingen lenger kjem namnet hans i hug!Jes 53,7-9
20Men Herren, allhers Gud, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta; eg skal få sjå at du hemner deg på dei; for eg hev lagt saki mi fram for deg.Sal 7,10; 17,3; Jer 17,10; 20,12
21Difor segjer Herren so um mennene i Anatot, dei som stend deg etter livet og segjer: Du må ikkje tala profetord i Herrens namn, elles skal du døy for vår hand,
22- difor segjer Herren, allhers Gud, so: Sjå, eg vil heimsøkja dei; dei unge mennene deira skal falla for sverd, sønene og døtterne deira skal døy av svolt,
23og ikkje noko skal verta leivt åt dei; for eg sender ulukka på mennene i Anatot det året dei vert heimsøkte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.